«Ta henne vel imot», brukar programleiar Anne Lindmo å seie når ho skal introdusere nye gjester i TV-programmet mitt. Eg snur litt på setninga og seier: Ta vel imot dei 110 flyktningane som seint fredag kveld kom til akuttmottaket ved Melshorn Hotell på Hareid. At enkelte i lokalbefolkninga murrar, det veit vi. Men inntrykket er at dei fleste innbyggjarane er innstilte på at dette skal gå bra.

I Hareid vart det oppretta asylmottak ved hotellet i 1987, innbyggjar-ane har på mange måtar blitt vane med å ha asylsøkjarar og flyktningar mellom seg. Det skal ikkje stikkast under ein stol at der har vore nokre uheldige episodar, men stort sett har det gått bra.

Ifølgje papira som mottaksleiaren har fått frå UDI, var det flest syrarar som kom i natt. 45 i talet. I alt skal det ved mottaket no vere ni nasjonalitetar. Alle er komne med buss frå eit akuttmottak på Stokke i Vestfold, og dei kom til Norge i slutten oktober.

Planen er at dei skal vere på Hareid til dei har fått svar på søknadene sine om asyl i Norge. Slik vi har forstått det, kan det for nokre av gruppene, blant anna syrarane, ta opp til ni månader å få svar. Det blir viktig at akuttmottaket innfører gode rutinar, og det er viktig at folk i Hareid møter dei med respekt.