Endå ein gong skal leiaren handle om ferjene over Sulafjorden. Men denne gongen handlar det ikkje om sviktande ferjemateriell og lange køar med ventande bilar. Søkelyset er på den dårlege beredskapen i høgtider. Julaftan gjekk siste ferje frå Hareid klokka 16.30. Neste avgang var ikkje før klokka 08.30 første juledag. I 16 timar var det ikkje ferje i beredskap på sambandet. Det seier seg sjølv at i verste tilfelle kunne liv ha gått tapt. Alle sjukdomstilfelle kan ikkje sendast til Volda sjukehus, og det er ikkje sikkert at ambulansehelikopteret er ledig når akutt sjukdom oppstår eller ulykker skjer. Vi veit om dei som vart nøydde til å vere på sjukehuset i Ålesund julaftan fordi det ikkje var beredskapsferje på sambandet Hareid-Sulesund. Det er Statens vegvesen som har forhandla fram kontrakten med Norled. Fleire fylkespolitikarar har uttalt til Vikebladet Vestposten at publikum ikkje kan forvente at fylkespolitikarane har kontroll på alt som står i den omfattande kontrakten. Men vi forventar no at fylkespolitikarane tek manglane i kontrakten opp med Statens vegvesen. Hareid-Sulesund blir definert som eit døgnope samband, men med 16 timars ferjestopp er det langt frå døgnope. Liv og helse må ha høgare prioritet.