Tida for julehandel nærmar seg. I vekene framover kjem mange av oss til å drage kortet varmt  for å kome i mål med julegåveinnkjøpa og maten som skal i hus.

Kanskje bør vi år satse litt ekstra på å gjere mesteparten av innkjøpa lokalt. Netthandelen breier om seg, og mange liker å ta ferja over fjorden for å kome seg dit varehusa står tett i tett. Eg skal ikkje kome med eit vondt ord verken om nettbutikkar eller varehusområde, men  skal butikkane ute i distrikta få vekst og kunne utvikle seg positivt, må dei brukast. Dei fleste av oss synest det er triveleg å ha butikkar rundt oss der vi bur. Dersom vi vil ha lokale butikkar, er det viktig at vi brukar dei.

Etter eit år med tilnærma kaotiske tilstandar i Ulsteinvik sentrum er Sjøgata no opna, og tilstanden har blitt mykje trivelegare. Dei mange butikkane i Ulsteinvik satsar på godt vareutval og trivsel for kundane. Og på Hareid finst det nisjebutikkar som gjer at det ikkje er naudsynt å ty til handelslekkasje til ei kvar tid.

Vekene fram til jul er viktige for handelsstanden i regionen. Fint pynta julegater der vi bur gir oss julestemning. Og viss dei lokale butikkane veit å yte oss kundane god service, kan vi få lyst til å kome tilbake også.