I utgangspunktet synest eg ei arbeidskyrkje på Vikholmen er ein god ide. Det kunne blitt eit flott signalbygg på den andre sida av Ulsteinvika. Men tvilen har byrja å melde seg. Lund + Slaatto arkitekter meiner det er mogleg å setje opp ei kyrkje også på den smale tomta like ved dagens kyrkje. Kanskje er dette den beste løysinga. Ved å samle dei to kyrkjene så tett, vil det vere lettare å skape sambruk. Det beste vern mot forfall er bruk. Blir arbeidskyrkja bygd på Vikholmen, er det større fare for at den vakre, gamle kyrkja blir ståande ubrukt. Ei arbeidskyrkje i sentrum vil også vere med på å understreke den historiske aksen for kyrkjestaden, med prestegarden, Fredheim og Kyrkjegata. Den store utfordringa blir å finne nok parker-ingsplassar. Når Arena Ulstein opnar, vil det bli  endå meir trafikk i sentrum.

Under det opne debattmøtet i kyrkja torsdag var det nokre få som ytra seg om at dei var forundra over at folk som ikkje brukte kyrkja i særleg grad, engasjerte seg i kvar ei ny kyrkje skal plasserast. Det bør ikkje undre nokon. Kvar arbeidskyrkja skal førast opp handlar også om byutvikling. Og korleis Ulsteinvik skal formast for framtida må også folk som ikkje går ofte til kyrkja ha lov til å meine noko om.