Onsdag ettermiddag kunne eldsjela Bjørn Mork klippe snora og erklære kunstgrasbana på Jomsvoll i Hjørungavåg for opna. Det er lagt ned om lag 750 dugnadstimar på den nye bana, og det er heilt klart at utan denne innsatsen frå bygdefolket hadde ikkje den oppveksande slekta i Hjørungavåg fått ei slik bane å boltre seg på.

Onglasætra Vel i Ulsteinvik har også drive dugnad. Dei er godt i gang med å byggje eit nærmiljøanlegg med ein park som skal vere open for små og store, året rundt.

For kort tid sidan dukka også «Hareidspatriotane» opp. Dei godt vaksne karane har oppretta ei eiga nettside (Hafest) og vil gjere Hareid sentrum til ein fest. Dei satsar blant anna på at blomsterkrukker og andre tiltak skal gjere Hareid vakrare.

Lista med dugnadsprosjekt kunne bli lang, men vi nøyer oss no med å plusse på Dimna IL sin særlege innsats for den nye Ulsteinhallen.

Ulstein og Hareid kommunar skal vere sjeleglade for at det finst folk som vil bruke fritida si på dugnadsarbeid. Desse frivillige blir som eit lim i lokalsamfunnet. Dei er med på å skape samkjensle og møteplassar. Det er også eit faktum at slik dugnadsinnsats er avgjerande for å utløyse midlar og engasjement frå det offentlege.