Folkelista røysta for at Hareid kommune må sjå seg ferdige med renovering av rådhuset i denne omgang, og bør avslutte det faktiske prosjektet dei starta på. Tittelen på saka då vi løyvde midlar til dette i fjor var skifte av himlingar og lysarmaturar med pcb. No er dette gjort – ein har i tillegg fått bygd om ein del kontor som ikkje var godt tilrettelagde, m.m. Det vert fint – ein god arbeidplass – mykje betre enn andre kommunale arbeidsplassar.

Utanom Marit Øien Sæverud og Kjartan Snipsøyr i KrF, samt Folkelista, røysta FrP, H, Ap og V for at byggenemnda skal ta rådhussaka vidare. Då vil byggenemnda be om eit nytt overslag over fleire kostnader – og setje i gang meir oppussing. Dette er ikkje berre feil bruk av pengar, det er pengar vi ikkje har. Vi har ikkje meir pengar etter ferien enn det vi har no.

Oskar Grimstad og fleire andre var titte på talarstolen og snakka om tilskot for energisparing, solceller og mykje meir. Dette er ei total avsporing. Tilskotet vi fekk i Enova-midlar er ikkje meir enn tre prosent av rådmannen sitt dyraste forslag til oppussing. I tillegg skal vi betale fleire hundretusen ekstra i husleige til HG som rådmannen klart svara at det ikkje var dekning i budsjettet for. Dei energitiltaka som Grimstad og andre nemnde ville ta 27 år i tene inn att, svara rådmannen.

Når saka kjem opp att i byggenemnda, vil einaste fornuftige løysing vere å starte oppryddinga og få dei tilsette i normalt gjenge att. Pengane til rådhus er brukt opp. No kan vi heller konsentrere oss om mange av dei andre prosjekta vi har sett i gang – idrettshall, helsehus, omsorgsbustader, m.m

Kristian Fuglseth, Folkelista for Hareid kommune