Ser at det er mange kommentara i lokalavisa og på sosiale medier om at det ikkje vert flagga på skulane på offentlege flaggdagar – fleire gongar i året, når nokon har sett ei tom flaggstang.

Tidlegare vart det også på skulane flagga 1. juledag, 1. nyttårsdag, 1. påskedag, 1. mai, 1. pinsedag – i tillegg til 8. mai og dei kongelege bursdagane, som ofte fell på vanlege arbeidsdagar.

For nokre år sidan skulle Ulstein kommune spare inn 2,5 million kroner og mange både innan omsorg og oppvekst var redde for stillingskutt for å klare innsparinga – og dette var lenge før Arena- saka.

Då stod ein av våre fremste politiske leiarar fram i lokalavisa og roa ned folket med at det allereie var sett i verk tiltak for å spare inn store sumar så noke oppseiing vart ikkje aktuelt. Og det einaste punktet eg kjem i hug frå innlegget i Vikebladet var at det var vedteke å slutte å flagge på skulane. Vi som hadde hatt ansvaret for flagging på skulane fekk då utrekna kva vi hadde kosta kommunen i denne jobben, med ei runde om morgonen kl 8 og ei ny runde kl 21 om kvelden – på dagar som folk flest har fri. Likevel var det ein del av jobben vår som vi gjorde med glede, og som vi såg som heilt naturleg del av jobben.

Innsparinga for å slutte med flagging på dei 5 nemnde 1.dagane på skulane i Ulstein utgjorde tilsaman kr 11000 pr år, med tillegg av arbeidsgivaravgift, og flaggslitasje.

No er det slik at det på flaggdagar som fell på vanlege arbeidsdagar vil dei tilsette ved skulen ha ansvaret for flagginga. Flagget skal opp kl 8 om morgonen og ned kl 21 om kvelden i den lyse årstida. Imidlertid er det slik at ved nokre skular bor dei tilsette i andre bygder og ikkje har anledning å køyre ein eller to timar på fritida si om kvelden for å ta ned flagget. Derfor vert det teke ned når dei forlet arbeidsplassen som kan vere kl 16-17, - og fleire har klaga på det også.

Det er fint at naboar og bygdafolk ringer og minner om at det er flaggdag – det kan vere naturlege årsaker til at det vert gløymt i ein stressa kvardag.

Det er leitt at bygdafolk går ut i media og hevdar at det er ei skam at ein ikkje flaggar på 1.mai og 8.mai. Dei tilsette på nemnde skular føler at det er dei som burde skamme seg og det er ikkje ein god følelse.

Om private flaggstengre står tome på 1. mai kan det vere fordi folk er bortreist – det er ein fridag og ligg den til ei helg er det naturleg å reise på hytta, familiebesøk etc – ein treng ikkje føle skam for det?

På Ulstein skule vart flagget heist 8. mai, men ulykksalig nok slitna ein krok etter vel ein time, og det fekk vi ikkje reparert same dag. Det vart reparert i god tid før 17.mai, og då er det 17.mai komiteane som flaggar ved alle skulane.

Lars Inge Breivik

Hovudverneombod Ulstein kommune