Svar til Bjørn Egil Flø:

Fyr her!

  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Ein kan sanneleg lure når Bjørn Egil Flø med tyngde påstår at det ikkje er sant at turistane kjem til Norge for å oppleve natur, aktivitetar og opplevingar når marknadsundersøkingane viser nettopp det

Lesarbrev

I ein kronikk skriven av Bjørn Egil Flø med tittelen «Gi meg fyr», harselerer forfattaren over Ulstein kommune sitt arbeid med å legge til rette for meir reiseliv. Det er sjølvsagt fristande å svare med same mynt og legge breisida til og skulde Bjørn Egil Flø for å vere ein sjølvgod elitist som manglar både bakkekontakt og vidsyn. For det er liten tvil om at målet til forfattaren er å vere nedlatande og hoverande ovanfor dei som ønskjer å skape nye arbeidsplassar og gode servicetilbod som kjem lokalbefolkninga til gode.


Bygdesosiolog Bjørn Egil Flø:

«Gi meg fyr»

 

Bjørn Egil Flø sine synspunkt får stå for eiga rekning, og sjølv om han har enkelte gode poeng, er det få konstruktive innspel å hente som er verdfulle i det vidare arbeidet.

For det skal arbeidast vidare. Strateginotatet er ikkje – og har aldri meint å vere – ein grundig analyse eller ein hovudplan for reiseliv. Tvert om er notatet meint å vere eit utgangspunkt for eit vidare planarbeid som skal munne ut i konkrete og målretta tiltak. I det vidare arbeidet er det nødvendig at vi dykkar djupare ned i dei problemstillingane som auka turisme fører med seg. Det er også viktig å involvere fleire for å avdekke utfordringane og for å finne løysingar som kan bidra til å unngå eller minimalisere desse.

Det betyr ikkje at strateginotatet berre inneheld vrøvl, og at dette er «ein rapport frå ein idedugnad der ein knippe kompisar har site kring eit bord og tenkt høgt om kva dei meiner som fins i regionen som dei kan slå kloa i». Tvert om er det mykje empiri som ligg bak, og ein kan sanneleg lure når Bjørn Egil Flø med tyngde påstår at det ikkje er sant at turistane kjem til Norge for å oppleve natur, aktivitetar og opplevingar når marknadsundersøkingane viser nettopp det.

Ulstein kommune har samarbeidd tett med DÅS i denne prosessen. Destinasjonsselskapet sit på mykje kunnskap og erfaring, og har vore ein viktig rådgjevar undervegs. I arbeidsmøtet som vi hadde i fjor haust deltok aktørar frå ulike delar av næringa og frå ulike stadar på Sunnmøre. Destinasjonsselskapets oppgåve er bistå medlemsbedriftene og kommunane, men det er kommunen sjølv som har skrevet og står bak strateginotatet. Satsing på reiseliv er ei av fleire utviklingsoppgåver som kommunen har trukket fram i samfunnsdelen av kommuneplanen som vart vedteke i 2017.

Vi er opptekne av at vi skal utvikle ei turistnæring som skapar trygge arbeidsplassar, er lønsam for lokalt næringsliv og som tek størst mogleg omsyn ovanfor våre innbyggarar. Kantar gjennomførte i 2018 ei innbyggarundersøking på oppdrag frå Innovasjon Norge som heiter Nordmenns syn på turisme. Undersøkinga viser at vel halvparten av innbyggarane meiner at dagens omfang av turistar er akkurat passe. Tre av ti meiner at det er for få medan ein av ti meiner det er for mange. Undersøkinga viser også at det er dei som bur i pressområda som verdset turismen høgast, sjølv om det også er dei som er mest bevisst på dei negative følgjene med turismen.

Sjølv om lokalbefolkninga opplever ulempene med mykje trafikk, får ein på den andre sida eit langt betre handel- og servicetilbod enn det det elles hadde vore grunnlag for. I tillegg skapast det arbeidsplassar, og til saman bidreg dette til auka bustads-attraktivitet.

Det vert viktig å lære frå dei som har lukkast med å skape ei berekraftig heilårsturisme. Vi har eit godt utgangspunkt fordi vi ligg midt i det mest attraktive området i landet for reiseliv. Vi har god infrastruktur som gjer at vår region er lett tilgjengeleg for turistar frå inn og utland. Målet er å legge til rette for dei turistane som bidreg med mest tilbake, og det skal vi klare dersom vi dreg i same retning.


Knut Erik Engh, ordførar i Ulstein

Tom Anker Skrede, reiselivssjef Destinasjon Ålesund & Sunnmøre (DÅS)