Sri Lanka - Den heilage Lanka

På elefantryggen: Elefant i Kandy med ein motormann og ‘Gnista’ på ryggen. (Gnista = kvinneleg telegrafist) Foto: AG 

1. mai: Det var veldige demonstrasjonar i Colombo 1.mai 1956. Foto: AG 

Lesarbrev

Skrive av Arnljot Grimstad, Leikong:

Vi registrerer med gru det som hende på Sri Lanka i påska 2019. Sjølvmordsbomber i Colombo og andre stader på påskedagen, mange drepne og mange skada for livet.

Dei som gjorde denne udåden steig visst roleg inn i ei fullsett kyrkje, kanskje lytta terroristen til salmesongen: “Thine is the glory, risen, conqu’ring Son; endless is the vict’ry Thou o’er death hast won.” (Deg være ære, …)

Er det mogleg at den rike og velutdanna terroristen skreik: “Allahu Akbar”, Gud er stor! til salmesong før han løyste ut bomba. Absurd!

Forkvakla menneske! Fanatikarar som meiner å fremje saka si og Allah vilje med å myrde i Guds namn. Absurd!

****

Sri Lanka–Den heilage Lanka. Lanka er namnet på ei mytisk øy i sanskritlitteraturen, eg hugsar Sri Lanka som Ceylon, og i mitt minne som ei perle i Indiske hav på vel 65000 km² og eit folketal på 23 millionar. Dei eksporterer mellom anna te, gummi, ris, kopra og kokosnøtter.

Europeisk soge på Ceylon tok til med portugisane som på 1500-talet beit seg faste der. Francisco de’Almeïda (1450–1510) var den fyrste portugisiske statthaldaren i India og Ceylon, portugisarane oppretta handelsstasjonar og fekk etter kvart politisk makt.

Som ein kuriositet kan nemnast at i åra 1617–18 prøvde Danmark-Noreg å ta kontrollen over øya. Ja, i 1618 kravde admiral Ove Gjedde at kongen av Kandy skulle godkjenne Christian 4 som overherre på Ceylon. Tenk det! Han lukkast ikkje, kongen bøygde seg ikkje for kravet så admiralen reiste vidare til Sør-India, der oppretta han den dansk-norske kolonien Trankebar.

I 1658 tok Nederland over Ceylon, og dei heldt skansen heilt 1796, men då var dei britiske imperialistane på plass, dei avsette den siste innfødde kongen, og la øya under total britisk administrasjon i 1815.

Ut gjennom hundreåret gjekk kaffiplantasjane over til treproduksjon, (det er ei soge for seg!) Britane importerte tamilar, hinduar frå Sør-India som arbeidskraft, men på øya var majoriteten singalesarar, og namnet Ceylon, er ei forvansking av Singhalam–singalesarane sitt land.

I 1948 var Ceylon det mest velståande landet i Asia, og dette året fekk Ceylon status som sjølvstendig dominion i Det britiske Samveldet (The Commonwealth).

Det gjekk ikkje lang tid før motsetningane som fanst mellom det buddhistiske singalesiske fleirtalet og det hinduistiske tamilske mindretalet, vaks seg stort, det vart politisk uro og det gjekk økonomisk attende med det velståande landet.

I 1972 gjekk namnet Ceylon over i historia. Samstundes med namneskiftet vart øya ein sjølvstendig republikk.

Det offisielle språket er singalesisk, og denne folkegruppa utgjer meir enn 70 % av folket. Britane hadde favorisert mindretalet, tamilane.

Sri Lanka har fire store religionar: buddhisme, hinduisme, kristendom (8 %) og islam.

Frå 1983 til 2009 rasa krigen på Sri Lanka, ein brutal krig mellom tamilane og singalesarane, det er ei lang og trist soge.

Nokre personlege minne …

Den 25. april 1956 ankra vi opp i Colombo. Vi kom frå Tuticorin og skulle vidare til Calcutta/Kolkata. Det var fleire år sidan sist eg hadde stogga i Colombo, og eg var spent på å sjå att gamle stader som eg hadde i minnet. Vi fekk god tid til å leite opp kjende stader, finne badestrender og så vidare, for vi vart liggjande lange i Colombo. Det var hamnearbeidarstreik, og vi måtte finne oss i å ligge til ankers ute i hamna.

1. mai 1956 var det enorme demonstrasjonar i hovudstaden. Dagboka er kjelde her, og denne 1. mai-dagen var eg midt i dei enorme, fargerike menneskemassane i Colombo, der var slagord og parolar. Eg klatra opp på taket på ein buss for å få oversyn over folkehopen, meir enn 10 000 tok del, ikkje i manns minne hadde så mykje folk vore samla i Galla Face Green Park, fortalde politiet.

Og jammen var det eventyrleg å vere til stades og oppleve det: Plakatar og parolar, trommer og fargerike kostyme, dans, og meir trommer, raudmåla kroppar, smilande ansikt med tenner og tunge raude av betelnøtt. For eit liv! Fremst i toget gjekk ei lys kvinne i raud kjole, ho merkte seg verkeleg ut: det var den engelske kona til leiaren i kommunistpartiet på Ceylon, fekk eg vite. Alt i alt ei fantastisk oppleving.

Regjeringa til Salomon Bandaranaike var berre tre veker gammal då, men dei hadde allereie proklamert at singalesisk skulle vere offisielt språk, og dette auka spenninga mellom dei to folkegruppene. Vidare skulle alle indarar utvisast, ja, den 1. januar 1957 skulle den siste indaren forlate landet, vart det sagt, og same dato skulle alt britisk vere ute. ”Good-bye, England,” og vekk med alle bilete av dronning Elisabeth II. NB. Salomon Bandaranaike vart myrda to år seinare. I 1960 tok kona hans, fru Bandaranaike over vervet, og vart den fyrste kvinnelege statsministeren i verda.

1. mai: Det var veldige demonstrasjonar i Colombo 1.mai 1956. Foto: AG 

 

Tur til Kandy

I Colombo var det ei engelsk sjømannskyrkje, ”The Flying Angel”, som vi stakk inn om no og då, og ein kveld spurde presten: ”Har de vore i den gamle hovudstaden, Kandy?” Vi to karane måtte vedgå at der hadde vi ikkje vore. Presten fortalde alt ein kunne få sjå og oppleve der, så eg spurde: ”Kan du ordne tur til Kandy for oss?” Presten var berre velvilje, allereie førstkomande sundag skulle han stille med buss og guide ved piren der vi brukte å kome i land. Men eg måtte ordne påmelding, kor mange personar som vart med, klokkeslett og så vidare. ”Og hugs, ta med rikeleg med mat og drikke,” smilte den britiske sjømannspresten.

Vel om bord vart utflukta gjort kjend gjennom ’byssetelegram’ og oppslag i messene. Stor stas, mest alle ville vere med! Mannskapet vårt var på 48 personar.

Sundag stod vi oppdressa og forventingsfulle i kø ved fallreipet utrusta med nistekorger og kanner med iste. Skyssbåten kom og vi susa mot byen. Berre vaktene og nokre få andre vart att om bord. Dagboka nemner ikkje kor mange.

Ved det avtala tidspunktet entra vi bussen. Den botaniske hagen, Paradeniya, var fantastisk, ja, vi vart sitjande å gape då vi køyrde i gjennom, noko så vakkert hadde iallfall ikkje eg sett før! Mange stader såg vi elefantar i arbeid med rydjing, folk stod lutte og planta ris, palmane stod med frukt, det var grøn og frodig jungel, og elva kasta seg ned bratta. Vi slo fast at Ceylon var ei perle!

Etter tre timar var vi oppe i den gamle hovudstaden, Kandy. Vi stogga ved porten til Dalada Maligawa–tanna sitt tempel, som ikkje er berre eitt, men fleire tempel. Det er ein buddhistisk heilagdom. Pilegrimar kjem for å sjå relikvien, tanna som Buddha hadde hatt i munnen sin. Eg noterte: ”Tanna er av elfenbein og er meir enn to tommar lang.” Tanna kom til øya på 300-talet etter Kristus, og har sidan vore øya sin nasjonalheilagdom.

Det vart av og på med skorne, for der var mange, gamle tempel og buddhafigurar i fleire utgåver: Den sovande Buddha, med opne auge. Den mediterande Buddha, Ormen og Buddha, og så vidare.

”Og her”, sa guiden, ”her samlast vi kvar fullmåne og bed om ein ny Buddha.”

Kandy ligg 500 meter over havet, og han var hovudstad for dei singalesiske kongane heilt fram til 1815. Det var også eit senter for organisert motstand mot det britiske styret.

Mangt og mykje kunne forteljast, men eg skal berre nemne at vi fekk med oss ridetur på elefantryggen før vi sette oss i bussen. Eg vart slett ikkje kjend på Ceylon, berre i og rundt Colombo og opp til Kandy. Eg tykte den gongen at øya var ei perle, dagboka mi fortel det, og folket var venlege, alle kunne engelsk og forretningsfolka ville gjerne drive handel, selje …

****

No flimrar TV-bileta i auga på oss, og reporterane fortel om så og så mange drepne på denne vakre øya, som kunne vere reine Edens hage. Og minna dukkar opp frå ei heilt anna tid. Og eg tenkjer: Der er sikkert like frodig no som då, og folk flest er sikkert like blide og høflege som dei eg møtte den gongen, og mest alle ynskjer seg fred og tryggleik.