Vindkraft:

Vindkraft eller ikkje vindkraft?

Foto: Wikimedia / PtrQs / CC BY-SA 4.0 

Lesarbrev

Både Ulstein og Hareid må gjere knallharde prioriteringar for korleis dei bruker kronene, og ingen innbygger vil godta nedskjeringar som rammar sine interesser.

Alle kjempar for sine interesser, alle kjempar for sitt.

No har begge kommunene ei unik muligheit for å få litt ekstra i kassa, som igjen vil gagne kvar einskild innbyggar.

I tillegg kan også grunneigarar få ei kjærkoma inntekt på ei utmark ein eig, og som kostar grunneigar mykje i året pga. forpliktelser enten ein driv aktivt eller ikkje.

Kan lese i Vikebladet Vestposten at turgåara ikkje vil ha vindmøller på fjella i Ulstein og Hareid. Ja, enda Hannelore Måseide og Knut Arne Høyvik er imot vindmøller.

Dei tiltenkte områda der vindmølleutbygging egnar seg er ikkje allemannseie.

Det er grunneigarar som eig desse områda. Heller ikkje Ulstein eller Hareid kommune eig desse aktuelle areala.

Kanskje det er på sin plass og vise grunneigarane den respekta dei bør ha i denne saka, at kommunene tek opp dette spørsmålet med dei og opnar for ein dialog om dette er noko å satse på eller ikkje I tillegg til nye arbeidsplassar, vil det som nevnt gi ekstra inntekter til begge partar.

Såg også innslaget i Vikebladet om protestmasj. Vil tru at dei aller fleste er funksjonsfriske, og har liten vanske med å kome seg ut i skog og mark.

Funksjonsfriske kan velge og vrake i mange flotte turløyper i nærområdet, noko vi har mykje av.

Ved vindmølleutbygging kan dei som har vanskar med å gå i naturen, enten ein brukar rullestol eller eldre som er dårlig til beins faktisk ta seg ein fjelltur, gjerne på eiga hand og nyte både utsikt og natur.

Behovet for straum kan ein gjerne diskutere, men behovet vert ikkje mindre i framtida, jfr. bl.a. el-bilar og el-ferger i tillegg til alle elektriske duppeditter vi etterkvart tek som ei sjølvfølgje.

Dersom vi i Ulstein og Hareid skal kunne oppretthalde den standarden ein har fått og ønsker å ha, må ein kanskje godta at noko av turområdet vårt vert brukt til grønn energi.

Både gasskraft og kullkraft ville ha vore eit verre alternativ, men så lenge det ikkje er eit alternativ her i nærområdet er det kanskje lettare å akseptere...

Jan Arve Ringstad, Haddal

Noko som engasjerer deg? Send inn dine lesarbrev til redaksjon@vikebladet.no