Bjørndals Minde - ei orientering

  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Lesarbrev

Lesarbrev frå Leiv Bjørndal, styremedlem i Bjørndals Minde

På bakgrunn av fleire artiklar i Vikebladet og diskusjonar på sosiale medium må eg som styremedlem for Bjørndals Minde, men også som medlem av Bjørndalfamilien, gi ei orientering om fondet.

I 1945 vart Bjørndalfondet skipa etter ei gåve frå Magnus Bjørndal på kr. 50.000, der det m.a. er nedfelt i vedtektene at «fondet skal brukast til aa skaffe eit lite men tidhøveleg bibliotek» og «styret i fondet skal ha full råderett over fondet sine midlar …»

Den 02.05.1952 i skøyte frå Anne Bjørndal, mor til rektor Thorvald Bjørndal, til «Bjørndalfondet i Ulstein herad» står følgjande formuleringar:

«Eigedomen vert overdregen som gåve utan vederlag, men på det vilkår at eigedomen berre vert nytta i samsvar med statuttane for Bjørndalsfondet, nemleg til byggetuft for bibliotek, realskule og liknande som naturleg høyrer saman med dette, men likevel slik at bibliotek og realskule har føreretten.»

M.a.o. så er tomta gitt frå Anne Bjørndal som gåve til Bjørndalfondert for å byggje realskule og bibliotek, der hovudformålet imidlertid var å få reist eit bygg for realskulen, slik at denne skulle få sitt eige skulebygg, og ikkje lenger måtte leige lokale rundt i bygda. Dessutan var det ønskeleg å få plass eit bibliotek. Biblioteket fekk som vi veit ikkje flytte inn i bygget før i 1978.

Ulstein kommune løyvd eit beløp til fondet som sluttfinansiering av bygget. Total byggesum vart ifølge referat frå vigslingsfesten på kr.245.000.

I offentlege register/grunnboka står Bjørndal Minde oppført som eigar av gbr nr. 8/85, dvs. Realskulebygg og tomt.

Bjørndalfondet er etter lova ein stiftelse. Ein stiftelse er det ingen einskildpersonar, kommune eller andre som eig. Stiftelsen eig seg sjølv og er såleis heilt uavhengig av andre. Stiftelsen sitt einaste organ er styret, som er sett til å forvalte verdiane i stiftelsen i tråd med vedtektene. Eit fond (Bjørndalfondet) er rettsleg sett å rekne som ein stiftelse. Det er difor stiftelsesloven og vedtektene som sett rammene for Bjørndalfondet sin aktivitet. Dette er stadfesta i stiftelses-styret sin korrespondanse med Lotteri- og stiftelsesstyret:

Frå Lotteri- og stiftelsestilsynet:

«Stiftelsestilsynet har vurdert opplysningene og kommet til at vår vurdering av15.08.2017 står uendre, ved at Bjørndalfondet er å oppfatte som en stiftelse, og at eiendommen er overskjøtet til denne selvstendige enheten.»

Ein kan i denne samanheng og ta med at etter at gymnaset flytta ut frå realskulebygget i 1977 og biblioteket flytta inn i 1978, har ikkje kommunen betalt husleie til fondet, som ville vere det naturlege og rette.

Kommunen har imidlertid gjort ein del vedlikehald, som å sette inn nye vindu og male bygget, men vedlikehaldet har vore mangellfult, og kostnadane for vedlikehaldet har neppe vore så store som ei eventuell husleige gjennom ca. 30 år, så kommunen har dermed hatt eit billeg bibliotek.

Styret må ta ansvar for at fondet er i ein vanskeleg økonomisk situasjon i dag pga. manglande inntekter. Vi ser difor ikkje andre utvegar enn å selje huset, og vi meiner at Ulstein kommune er ein naturleg kjøpar. Det er difor naturleg å gå inn i forhandlingar med kommunen.

Styret i Bjørndalfondet vil om bygget vert selt, bruke evt. salssum til samfunnsnyttige formål, og styret arbeider i den samanheng med å utforme ny vedtekter, som no ligg i Stiftelsestilsynet for godkjenning. Styret vil ved evt. sal krevje at bygget i nyklassisistisk stil ikkje vert endra utvendig.

Leiv Bjørndal


Bjørndals Minne

– Prisen bør vere 1 kr







- Stiftinga og kommunen bør snakke saman

Bjørndals Minne er tema i denne vekas leiarartikkel.