Administrasjonen i Hareid kommune

Både topptung og dyr

Einar Holm  Foto: Arkiv

Lesarbrev

Takk til rådmannen for sitt svar til underteikna.


 

Eg har ingen negativ kommentar til sjølve organisasjonsmønsteret. Det viser klare sektorar med klare ansvarsområde.

Men eg held sjølvsagt fast på at det er både ein topptung og kostbar administrasjon i Hareid kommune.


 

Og som eg tidlegare har nemnt, finn ein ved sida av rådmann, ass. rådmann og tidlegare rådmann tre (3) med juridisk kompetanse. Med denne kompetansen til rådvelde burde ein kunne stille sterkt i alle dei tre sektorane.

Ved å ikkje hente den fjerde juristen kunne ein raskt spare 1 mill. kroner.

I V/V kan ein også lese at varaordførar Fuglseth hadde stilt fleire spørsmål om økonomien i kommunen. Han hadde registrert at kommunen hadde eit meirforbruk i 1. halvår – om lag som i 1. halvår 2018. Han ville at kommunen skulle innføre tilsetjingsstopp ved budsjettrevisjonen i juni.

Rådmannen svarte i følgje V/V at det var krevjande å snu store skuter (ja, det veit eg mykje om), men det er god hjelp i å slakke ned i god tid.

Og her burde det ha vore slakka ned – det er ikkje rom for, eller økonomi til – å tilsetje ytterlegare ein jurist. Nytt ut dei som alt er der!

Eg er heilt klar over at det er ikkje berre rådmannen sitt ansvar – det er til sjuande og sist eit politisk ansvar.

Og det er i alle fall positivt at varaordførar Fuglseth ser det.

Men kom ikkje tilbake med store driftsunderskot og framlegg om auka eigedomsskatt. Det er det siste Hareid treng for å kome seg på offensiven.

Elles ynskjer eg dykk både arbeidsro og til lukke med drifta. Og kanskje kan eg varsamt minne om at det gjer godt med litt patriotisme og ein god luktesans.

Einar Holm, Hareid