"Som ei dronning mellom møyar"

På veg til Nibben  Foto: Linda Eikrem

Lesarbrev

Skrive av Agnar Dag Ulstein, Ulsteinvik

Som ei dronning mellom møyar.

Ja, slik nokolunde er vel teksta i songen til Ulsteinvik.

Eg skriv no fordi eg har fått spørsmål om kva eg vil ha av råser og vegar i fjella våre. Eg har skreve litt om det før også.

Ordentlege råser og dyre-trekk har vi mange stadar i fjella,- mange av dei er så gamle at det er ingen som kan fortelje kor gamle dei er. Det er heilt fint å gå i dei, kuperte og ugjevne som dei er, så gir dei nok den beste og mest varierte treninga for kroppen vår.

Enno går eg helst i dei, sidan eg i mitt åttiande år enno har fysikk og helse til det.

Vinter og tidleg vår, går eg helst vegen frå Flø til Brørevatnet. Snøen forsvinn først der. Seinare går eg Mørdarbakken,- først til Lisjevatnet, litt seinare til Mosvatnet.

Så hender det eg tek rundtur Mørdarbakken – Skeidsnakken – Mosvarden – Brørene – Sarshornet – Breifjellet – ned att til Kjellstjørna. Då tenkjer eg på kor heldig eg er som enno kan gjere ein slik tur.

Seinare på året avsluttar eg gjerne med større fjell. Ut på hausten eller seinsommaren prøver eg gjerne Bladet, Trolltunga, Ramoen. Site haust var det Saksa.

Det er nokon som ikkje kan gjere slike turar som eg får.

For nokre dagar sidan var eg på Hasundhornet. Der var Vikemarka barnehage på utflukt. Det var ei glede å sjå ungane kor kjekt dei hadde det.

Utsikta var fantastisk, og då eg såg «bygda» Ulsteinvik, så minna det meg om songen «ligg der som ei dronning mellom møyar. Utmed havet der i vest, ligg du kransa av små øyar …»

Dette må vere den finaste utkiksstaden vi har. Snur ein seg mot Vartdal, så ser ein dei mektige flotte høgfjella.

Vi bør gjere det mogleg for dei som ikkje kan kome opp ved eiga hjelp, slik at dei også kan få oppleve det synet som er å sjå frå Hasundhornet.

Skal vi få tilgjenge for dei som må ha hjelp, må vi ha 1,5 meter breidde på vegen,- omtrent som Mørdarbakken. Stengt for biltrafikk og andre køyretøy med bråkete forbrenningsmotorar.

Lagar ein såpass god tilkomst er det visst gode støttemidlar å få,- kanskje tippemidlar.

Når det gjeld tilkomst frå Hammarstøylen/Lisa-støylen, så kan ein legge heller nokre få stadar, der det er våtast. Og då bør det vere heller frå nærområdet, ikkje skiferheller som er lagt ut og transportert med helikopter,- dei passar ikkje inn i vårt område.

På Runde har dei lagt skifer, truleg frå Oppdal. Det verkar framandt i vår natur.

Då har eg sagt det eg har på hjartet, når det gjeld den flottaste utsiktsstaden i vår kommune,- Hasundhornet.

Så kunne eg tenkt meg ein 1,5 meter brei grusveg frå der Mørdarbakken statar og ut til Osberget. Der er det også ei fin utsikt. På den måten kan dei som slit også få nyte utsikta.

Til Nibben, på Skeide, er det alt no god nok veg.

Til Roppehornet er det veg nesten heilt opp, resten har god nok rås, for dei som ikkje er av dei svakaste.

Då har eg nemnd dei fire beste utkikspostane våre.

Så kan eg tenkje meg å fullføre halvferdig veg bort mot Vikeskaret. Slik det ser ut no, så ser det litt halvferdig ut. Der er store våte område.

Kjem desse vegane på plass, så må det ikkje byggast fleire grusvegar i fjellet. Kanskje nokre heller der det er særs vått.

Kommunen er heldige som har Lindor Skeide som gratis konsulent. Samarbeid med han. Han har gjort mykje for folkehelsa, også med å merke vegar og råser, og innhente sponsormidlar.

Odd Kåre Wiik er også ein god rådgivar når det gjeld tilkomst til fjellet.