Miljødirektoratet stoppar støtta til sjølvkøyrande bussar

Bør gløymast: Kommune bør gløyme eksperimentering av autonome bussar i alle fall i 10-15 år frametter, meiner Agnar Dag Ulstein.  Foto: Illustrasjonsfoto: Rama, Wikimedia Commons. Cc-by-sa-2.0-fr

Lesarbrev

Direktoratet uttalar at det er liten reell nytteverdi for kollektivsystemet. Det er prosjektleiar Kirvill Stoltenberg i direktoratet som kjem med uttalen.

Eg har skrive litt om dette før. Så var det spørsmål om eg visste meir om dette prosjektet/eksperimentet, som kommunen kanskje kjem attende til ved budsjetthandsaminga til hausten.

Ja, eg veit litt meir no, og i alle fall nok til at kommunen bør gløyme eit eventuelt eksperiment som dette, i 10–15 år frametter.

Det burde vere nok informasjon at Ford har brukt 4 milliardar dollar på dette, og uttalte at dei har vore for optimistiske.

Så skal eg kome med litt meir informasjon for å underbygge mitt syn på dette eventuelle eksperimentet:

Fleire pilotprosjekt med sjølvkøyrande bussar viser at køyretøya har hatt ei heil rekke med utfordringar. Dei førarlause bussane køyrer så sakte at dei kan skape trafikkfarlege situasjonar.

På Gjøvik havarerte girkassa fleire gonger, grunna at bussen ikkje var designa for å køyre i bakkar.

I Stavanger og Oslo har mellom anna «værgudane» spela dei sjølvkøyrande bussane eit «puss». Regn og tåke skapar problem for sensorane (følarar/detektorar).

Direktoratet fortel no at i 2018 fekk alle som søkte om støtte til sjølvkøyrande bussar avslag, fordi Miljødirektoratet ventar på resultata frå Oslo og Gjøvik.

Gjøvik kommune sende tidlegare i år ein rapport om pilotprosjektet til Miljødirektoratet som ikkje var av det positive slaget.

Bussens girkasse havarerte tre gonger, i løpet av pilotperioden, heiter det i rapporten.

I ei periode på to månadar frakta den sjølvkøyrande bussen i Mjøsbyen 400 passasjerar, derav 97 på opningsdagen,- litt nyfikne første dagen.

Rapporten frå Gjøvik kommune viser at teknologien bak sjølvkøyrande bussar er altfor umoden, seier Stoltenberg. Han seier vidare: «Vi kjem ikkje til å gi meir støtte til sjølvkøyrande bussar slik bussane fungerer i dag». Han seier vidare: «Dei to prosjekta har gitt nyttig erfaring, men viser at sjølvkøyrande bussar har liten reell nytteverdi for kollektivsystema i dag.»

Så då har vi klare uttalar til eksperimentet også i Norge.

Vi får inderleg håpe at Ulstein kommune ikkje tek på seg å bruke pengar på eit vidare eksperiment, som kan koste kommunen ein heil del pengar.


Agnar Dag Ulstein

Ulsteinvik