Folkelista og godtgjerslereglementet

Lesarbrev

Heilt sidan førre kommuneval har Folkelista arbeidd for å få handsama godtgjerslereglementet for politisk valde til kommunale verv og styreverv.

Med bakgrunn i dei politiske forhandlingane etter kommunevala dei siste 15-20 åra, har vi sett behovet for å få på plass ei ordning der godtgjerslene til toppverv i kommunen og styreverv i til dømes Tussa og SSR vert halde på et nøkternt nivå. Dermed kan ein unngå at dei økonomiske vilkåra knytt til desse verva vert dominerande for forhandlingane om posisjonar etter valet.

Dessverre vert ikkje reglementet handsama før tidlegast i kommunestyret i september, 10 dagar etter valet, men før det nye kommunestyret trer i kraft. Folkelista synest likevel det er viktig å markere ståstaden vår i denne saka.

Godtgjersle til politiske verv i kommunen bør halde fram på eit nøkternt nivå som i dag, og bør ikkje blandast saman med noko førehandsavtale i politiske forhandlingar om taburettar etter valet.

Godtgjersle til styreverv som er valde politisk - i til dømes Tussa og SSR - bør ligge på same nivå som arbeid i politiske organ. Praksisen i Tussa og SSR er at desse selskapa har eiga godtgjersle som ligg langt over satsane i dei kommunale organa. Synet til Folkelista er at då skal styregodtgjersla gå til Hareid kommune, og deretter betalar kommunen godtgjersle til styremedlemmene etter satsar som er på same nivå som for dei politiske organa.


Bernt Brandal

1. kandidat for Folkelista for Hareid kommune