Kven vil kjempe for eldreomsorga på Hareid?

Dei tillitsvalde sjukepleiarane fryktar for kvaliteten i eldreomsorga om kommunen skal spare store summar på denne sektoren.   Foto: Marius Myklebust

Om sektor for velferd skal kutte ti millionar på 4 månader, må det ekstreme tiltak til.

Lesarbrev

Kommunevalet er like rundt hjørnet, og partiprogram har blitt sendt rundt i postkassene med oversikt over kva dei ulike partia vil prioritere dei komande åra.  Vi er sjølve opptekne av fleire av desse områda både som nyetablerte og småbarnsforeldre, men det er ikkje til å legge skjul på at ein tek ein ekstra titt på tema om helse og velferd, sidan det er dette vi arbeider med.

Vi har fått forvarselet – innsparing står for tur. Eller effektivisering som ein så fint beskriv det uten nærmare presisisering.  Politikarane i Hareid vil satse på vekst og utvikling, noko som både er flott og forståeleg etter 14 år på Robek. Utfordringa er at investeringane ikkje ser ut til å samsvare med økonomien. Mange gler seg nok over at ny fotballhall skal byggast og fleire andre store investeringar, men kvar kjem pengane frå? Korleis skal ein ha råd til det? Jau, då må ein kutte i drift og tenester andre stadar.

Slik situasjonen er no, er ein i Sektor for Velferd pålagde å kutte drifta med 10 millionar innan utgangen av året, og ytterligare 10 millionar neste år. Dette er så store summar at vi snakkar ikkje «ostehøvelprinsipp»  - altså at vi kuttar litt overalt. Nei då snakkar ein om store kutt i lovpålagde tenester. Korleis samsvarer det med partiprogramma og lovnadene om god eldreomsorg?

Planen er ikkje lagt, men desse summane  skal altså kuttast frå eit område som allereie er underbudsjettert sett opp mot dei krava ein har i dag til tenestene som skal ytast.  Der er mange område ein kan nemne, og det eine er at vi får utskrivingsklare pasientar frå sjukehus som både krev meir kompetanse og personell enn det vi allereie har. For å tilby god kvalitet må rett og god kompetanse vere på plass. Når det i tillegg er store nedskjeringar elles i Helse Møre og Romsdal minkar det ikkje på desse oppgåvene ute i kommunene, snarare kan det somme tider opplevast som vi driv eit ”minisjukehus”.  Det er behov for at kompetansen og ressursane aukast, ikkje det motsette. Det er derfor urovekkande å sjå ordet effektivisering under Sektor for Velferd, og planar om eit kulturhus i eitt og same partiprogram. Manglar politikarane våre informasjon om korleis det eigentleg står til med økonomien, og kva det kostar å tilby gode tenester til brukarane? Må ikkje ein sikre drifta før ein lovar innbyggarane nye prosjekt med pengar ein ikkje har?

Hareid kommune har sett ned eit effektiviseringsutval, og kommunalsjef for oppvekst skal jobbe som «endringsagent» i 6 mnd. Rådmann og endringsagent rådar oss til å «rydde skapet» og at vi må vere positive til omstilling. Dette skal då venteleg gjere at vi jobbar smartare og billegare og tek ned kostnadar med 20 millionar innan utgongen av 2020.

Dette handlar ikkje om at vi er motvillige til å tenke nytt eller å vere opne for endringar. Der er mykje til dømes velferdsteknologi og betre tilrettelagte bustadar kan gjere på lengre sikt for å dempe behovet for sjukeheimsplassar, men ein er ikkje der no. Om sektor for velferd skal kutte 10 millionar på 4 månadar, må det ekstreme tiltak til. Ein slik sum tilsvarer nedlegging av ei sjukeheimsavdeling. Er det nokon som er villig til å sette seg inn i kva det inneber? Kva tilbod skal dei eldre då få? Der er allereie mangel på sjukeheimsplassar til alle som treng det slik situasjonen er i dag.

Innan 2030 vil andelen eldre auke sterkt, den mykje omtalte eldrebølga er på full fart inn og er på ingen måte avlyst. Er ikkje vi då i ferd med å bevege oss i feil retning?  Forstå oss rett, oppvekst og utvikling er viktige satsingsområder, men kven skal kjempe for dei eldre? Den dagen det er du eller ein av dine som treng hjelp frå heimesjukepleia eller plass på sjukeheimen. Kva tilbod ynskjer du då?

Eldre  er kanskje ikkje det mest ”populære” satsingsområdet i politikken, men vi håper nokon vil gjere det, for vi er bekymra for kvaliteten på eldreomsorg og arbeidsplassane våre i framtida.


Hovedtillitsvald Kathrine Sørheim Bigset og plasstillitsvalde Tord Gryt Ljønes Grimstad og Torill Ystebakk Olsen

Norsk sjukepleiarforbund Hareid