Skulestrukturen i Hareid??

Det er verken økonomiske, faglege eller andre grunnar til at ein skal endre skulestrukturen i Hareid kommune.

Øyvind Grimstad
Lesarbrev

Med et lesarinlegg i Vikebladet 30 august freistar tydelegvis Folkelista å blåse liv i ei sak som vart avslutta for snart 5 år sidan.Saka det gjeld er sjølvsagt skulestruktur. Men kvifor den no blir tatt opp er for meg ei gåte. Saka om endringar i skulestrukturen pågjekk i snart 10 år og eg vil tru at dette er den saka som har vore mest utgreid og debatert av alle saker i Hareid. Men den er som eg skriv lenger oppe avslutta og et tilbakelagt kapitel for mange år sidan. Grunnen til at den ikkje er ei aktuell sak er enkel og grei. Det er verken økonomiske, faglege eller andre grunnar til at ein skal endre skulestrukturen i Hareid kommune. Verken no eller i uoverskueleg framtid.

Bakgrunnen til dei tidligare forslaga om endringar i skulestrulturen var i første rekke økonomi. Kort fortalt var det slik: etter mange år med varierande barnekull var klassestørrelsane på barneskulane slik at ein kunne slå saman små klasser og på den måten spare lønnsutgifter. Samstundes var der eit stort vedlikhaldsbehov på alle skular. Løysinga som sist blei lagt fram var at ein skulle samle småskulen på Hareid (1-4 klasse) og storskulen på Bigset(5-7klasse). Samtidig som ein gjorde dette måtte ein starte planlegging og bygging av ein ny stor felles skule for alle borna i Hareid Kommune. Men der var ein hake ved dette forslaget, ein hadde bærre ei lita tidsbegrensa periode og gjere dette på. Dette fordi elevtalet i løpet av nokre få år igjen ville bli så store at ein måtte ha ståande ferdig ein ny skule. Den økonomiske gevinsten med denne løysinga var også midlertidig og ville være borte når ein tok i bruk den nye skulen. Oppsumert: ved å gå inn for dette forslaget ville ein spare x antall millionar i nokre år + hatt ein spilflunkandes ny stor skule i Hareid.

Resultatet av saka burde vore kjent for dei fleste, eit stort fleirtal av innbyggjarane i kommuna og kommunestyret sa nei til ei slik løysing. Dei siste åra har et samla kommunestyre brukt betydelege ressursar på vedlikehald og oppgraderingar av alle skulane. Elevtalet er no på eit slikt nivå igjen i alle klassetrinn og på alle skular at ein ikkje har noko som helst å vinne på og slå i hop skular. Og ikkje er dette praktisk muleg verken byggningsmessig eller økonomisk.

Kort oppsumert; Saka er avslutta og lagt død.


Øyvind Grimstad

Tidlegare medlem av kommunestyret og levekårsutvalet i Hareid