Stem SV

Torgeir Knag Fylkesnes, Kersti Hasund og Yvonne Wold.  

Lesarbrev

Valkampen er snart over for denne gang, og folk må bestemme seg for kvar for parti dei vil stemme på. SV seglar i medvind, og partileiar Lysbakken strålar om kapp med sola. Dette nyt SV over heile landet godt av. Det er gøy å vere SV-ar for tida. Lokalt har Ulstein SV hatt besøk av stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes og SV sin 1. kandidat til fylkestinget, Yvonne Wold. Både Fylkesnes og Wold har vore på bedriftsbesøk på Kleven Verft og Ulstein Verft for å diskutere problema i verftindustrien. Ulstein SV sin førstekandidat til kommunevalet, Kersti Hasund, har vore godt synleg i avisa og gjer ein flott jobb i debattar og på stand. Ho har dei siste 4 åra vore ein engasjert politikar i Levekårsutvalet i Ulstein kommune. SV tek kampen for felles velferd, små skilnader, inkludering og natur-og miljøvern. Klimakrisa krev handling no. Ulstein SV tek kampen for forpliktande og ambisiøse klimamål. Så mitt råd er klart: stem SV ved både fylkestingvalet og kommunevalet!


John Osnes

Ulstein SV