Verdiskapinga i Ulstein treng fleire bein å stå på. Ulstein Venstre har difor teke initiativ ovanfor Statsrådar og Stortingsgruppe å ser at vi kan vere med å skap nye viktige arbeidsplassar her i Ulstein.
Som ordførarkandidat her i Ulstein ønskjer eg å gjere meir for å skaffe nye arbeidsplassar og næringsutvikling enn det som har vore gjort i det siste. Ulstein kan verte betre på dette.
Innan høgare utdanning kan vi til dømes trekke til oss desentraliserte fagskuletilbod, høgskule og universitetsutdanningar gjennom ei ny ordning i DIKU. Venstre ønskjer i komande periode å få opp slike nye utdanningstilbod i Ulstein. Det vil gje oss mange verdifulle kompetansearbeidsplassar.
Eg ønskjer også at vi får opp eit eige prosjekt med «Statens Hus» her i Ulstein. Eit «Statens Hus» er ein modell for tilrettelegging av fjernjobbing på stader der det er mindre avdelingar av statlege etatar. Ulstein må legge til rette for dette.
Ulstein har i alle dei år bidrege med milliardar i eksportinntekter til Noreg. Andre kommunar har fått statlege arbeidsplassar og tilbod. Ikkje Ulstein. No er det vår tur meiner Venstre.
Kva så med nye næringar og arbeidsplassar i dei? Jo, i fjor fekk kommunen overraskande 3,5 millionar i inntekt i frå havbruksskatt. Venstre tenkjer at Ulstein saman med dei andre kommunane må vidareutvikle marine næringar. Kva om Ulstein saman med Hareid, Herøy, Sande og Vanylven sette opp eit selskap i samarbeid med lokale næringsinteresser som ønskja å satse på til dømes taredyrking. Om kommunane er med på slike prosjekt så kan dei arbeide aktivt opp i mot alle dei støtte-, og utviklingsordningane som finnast innan fylke og stat for å hjelpe etableringa av eit slik selskap.
Ei slik etablering hadde og fått fart i kommunereforma igjen. Det trengs verkeleg.
Ulstein Venstre meiner kommunen og dei folkevalde har vore for passive innan disse områda.
Eg veit at vi i Ulstein Venstre har dei kontaktane i fylket, sentralt i partiet på Stortinget og i regjeringa for å få til slike moglegheiter for Ulstein. Å sikre oss arbeidsplassar og velferd.
Ulstein Venstre kan få fart på det å skape nye næringar, nye høgare utdanningstilbod og etablering av statlege kompetansearbeidsplassar.
Gje oss ein sjansen til å vise det.
No er det Ulstein sin tur. Stem Venstre.
Pål Grødahl
Ordførarkandidat