Eigedomsskatten er som narkotika

  Foto: Illustrasjonsfoto / wikimedia commons

Lesarbrev

Eg skreiv ein gong før at eigedomskatten kan liknast med narkotika.

Det er lettare å ta til med den enn å slutte med den.

Og ser vi oss rundt i Norge er det oftast venstresida i norsk politikk som er dei ivrigaste til å innføre den, og dei er ofte mest villige til å auke den,- dess raudare partiet er.

Eg spør: Kvar vert det av «likheit og brorskapen»?  «Har du to kapper, så gi bort den eine til den som ikkje har»

Eg har vore tillitsmann i El og It forbundet. LO-leiar. Har gått på praktisk talt alle kurs i fagrørsla, og lese Arbeidarrørsla si historie. Og eg har stor sans for det rørsla har betydd for dei svake opp igjennom tida.

Håpet er at venstresida i politikken finn attende til det dei stod for. Eit skikkeleg krafttak for å lette byrda som eigedomskatten fører til for dei svakaste.

Vi får større og større økonomiske skilnadar mellom folk i Norge. Så her kan venstresida starte med utjamnande politikk ved å arbeide for å lette børa til dei som slit, og heller auke den progressive skatten til dei sterkaste. Men så langt ser det ut for at det motsette skjer.

Vi kan lese i Dagens Næringsliv av 12. september fylgjande:

«SV vil bruke valgsuksessen til å krevje meir eiendomskatt».

I artikkelen er Aps leiar Frode Jacobsen meir tilbakehalden når han seier: « Vi mener det er fornuftig å halde eiendomskatten på dagens nivå».

SVs gruppeleder Sunniva Eidsvoll Holmås: «...vil ha inn 200 millioner mer i eiendomskatt i hovudstaden. Sv-kravet  kommer inn i forhandlingene om nytt byråd i Oslo».

Auken har dei tenkt å føre gjennom med ei auke i skattesatsane.

Eg er glad for at dei fleste politiske partia i Ulstein har erkjend at denne forma for skatt er usosial og råkar dei som har dårleg innkome. Ser vi på siterte politiske samtalar i lokalavisene  i Ørsta og Volda, synest det som dei uheldige sidene med denne forma for skatt er heilt fråverande.
Ørsta tek inn 20  millionar, og snakkar berre om kva dei kan få for desse pengane, om dei held fram å krevje den inn. Der er det ikkje mogleg å spore omtanke for dei som vert pressa til å betale denne skatten.

Dei fleste store byane i Norge har vorte meir og meir politisk raudfarga, og det får nok innbyggjarane merke. Siv Jensen har jobba målretta for å få vekk denne urettferdige skatten, og set ned satsen frå maksimum 0,7% til 0,5% . Ho vil sette den ytterlegare ned til max 0,4% i 2021.

I Trondheim som er dominert av A og SV vil dei auke takstane på eigedomane så mykje dei kan i eit forsøk på å få inn det dei er vandt med i eigedomskatt, om lag 700 millionar.

Så kan vi spørje oss, kva for parti og politikarar bryr seg mest om,- dei som slit og er lengst nede på stigen. Minstepensjonistar, uføre og andre. Eller ungdomar som har våga seg til å få bygt sitt eige hus. Det skal ikkje så mykje til før eit nytt hus kostar nokre millionar, og dermed gjev grunnlag for ein god slump eigedomskatt.

Den som nett har bygt nytt hus har meir enn nok med å betale store lånekostnader, kommunale avgifter og moms på alt vedkomande har kjøpt for å få bygt huset. Og har han sjølv spart opp litt til eigenkapital, så har han nok betalt skatt også for dei pengane.

Vel, i desse dagar vil Ulstein kommune ved rådmannen og dei to ordførarane etter kvart ta til med å forberede budsjettet for dei neste 4 åra. Og etter kvart skal dei ulike partia kome med sine innspel, og til slutt gjere vedtak som får konsekvensar for innbyggjarane i Ulstein.
Då får vi sjå og notere oss til neste val kven som bryr seg og gjer det som er nødvendig for å få slutt på eigedomskatten.

Agnar Dag Ulstein
Ulsteinvik