- Ulstein er framtida

Magne Grimstad jr har sendt oss følgjande innlegg, etter at han nyleg gav seg som lokalpolitikar i Ulstein.

Magne Grimstad jr, har sete i Ulstein kommunestyre i tolv år.  Foto: Arkivfoto

Lesarbrev

Magne Grimstad jr, Ulstein Arbeidarparti

Eg kjenner meg privilegert som har fått site i kommunestyret i tolv år. Denne perioden har kanskje vore nokre av dei mest ekspansive og utviklande åra for Ulstein kommune.

Det har skjedd mykje. Og slik eg ser det og slik eg oppfattar det så er eg veldig glad for at også ordføraren omfamnar og framsnakkar den utviklinga som har vore i Ulstein. Eg meiner det er viktig for oss politikarar å sjå på den samfunnsøkonomiske utviklinga og reise eit bolverk mot dei store byane slik at dei unge vil bu i Ulstein. Og når vi ligg like etter Ålesund i tilflytting så meiner eg at vi har lukkast med å utvikle Ulstein som eit senter.

Eg har fått stått i eit parti som har hatt politikk som første prioritet. Som heile tida har jobba seriøst og skikkeleg. I løpet av desse åra har eg lært mykje. Ein spesiell takk til Ottar Kaldhol. Du kommanderte oss nye politkarane opp på talarstolen i kommunestyresalen for å predike politikk, og du lot oss forstå at politikk handlar om menneske.

Og eg har heilt sikkert med meg Ottar når eg oppfordrar det nye kommunestyret og spesielt dei nye representantane om å bruke talarstolen til det beste for innbyggarane.

Eg vil også takke mine politiske medspelarar. I Ulstein har vi stort sett vore einige, og eg har opplevd at det har vore stor semje mellom dei ulike politiske partia. Det blir sagt at vi ikkje skal nemne nokon - det er så fort vi gløymer nokon. Men eg må få nemne Tor Meinseth.

I 1982 gjorde han gull av gråstein når Hødd sitt juniorlag som eg var ein del av blei krinsmeistera og Tor var trenaren vår! Ikkje mindre enn eit under. Ingen kan skulde Tor for skjult agenda eller snakke bak ryggen på nokon. Han er ute i ope lende og vi veit nøyaktig kvar vi har Tor. Og ingen kan skulde han for å kviskre. Det eg set stor pris på med Tor er at han har hatt Ulstein fremst i pannebrasken. Han har jobba iherdig til det beste for innbyggarane, og har halde blikket framover, mot målet.

Nokre politikarar har teke til orde for større politisk styring. Det kan så vere, men eg er takknemleg for ein høgst kompetent administrasjon som saman med det private næringslivet og oss politikarar har utvikla Ulsteinsamfunnet.

Alt eg ber om rådmann: ikkje mist momentumet, ikkje mist kreativiten. Vi må aldri stoppe opp, vi må aldri slutte å utvikle oss.

Saman med oss politikarar må vi vende blikket framover: ny barneskule, ny brannstasjon, ny kyrkje, ny barnehage, ny turnhall. Det er ikkje sikkert at vi får til alt, men siktar vi ikkje mot stjernene så når vi i alle fall ikkje månen. Takk for meg og takk at eg har fått så mykje meir enn eg gav.