Fjordleia

Tunnelen blir inngangsdøra til noko av det finaste vi kan by fram av opplevingar

Knut Arne Høyvik
Lesarbrev

Diskusjonane om Stad skipstunnel har vore lange, så lange at ein skulle tru at alle argumenta er oppbrukte for lenge sidan. Dei som er dritlei av å lese om saka, kan slutte å lese her.

Noko av den viktigaste kunnskapen ein bør ha når ein skal diskutere skipstunnelen, er korleis geografien rundt den planlagde tunnelen ser ut. Etter kvart har eg fått ein gryande mistanke om at mange ikkje kan denne geografien, og eg bebreidar dei ikkje. Det er verre dersom dei som sit i storting og regjering heller ikkje har oversikta. Skjønar ein ikkje geografien, ser ein heller ikkje den radikale endringa i seglingsmønster som ein får ved realisering av skipstunnelen- då ser ein ikkje fjordleia.(sjå kart)

Då vil ikkje denne store samfunnsinvesteringa bli sett inn i sitt rette perspektiv, og dei positive verknadane av investeringa blir ikkje godt nok opplyst.

Havleia kan vi kalle den leia båtane går i dag, mellom Ålesund og Måløy. Ei lei der båtane er eksponert for ope hav på store deler av seglasen. Når det med visse mellomrom blir vist til at seglasen gjennom skipstunnelen blir lenger, gløymer ein ofte at om du møter ein sørvestleg sterk kuling i havleia, så går det ikkje så fort å kome seg fram. Ei nautisk mil kan opplevast så uendeleg mykje lenger i tung motsjø, eller ei nautisk mil i smult farvatn.

Fjordleia er skjerma for havet, og er den leia ein vil nytte dersom skipstunnelen blir realisert. Seglasen i fjordleia flyttar skipstrafikken nærare viktig infrastruktur på land, som etter mitt syn vil gi synergiar. Det har vore nemnt, men har ikkje vore sentralt i diskusjonen.

Eiksundsambandet, vårt fastlandssamband til Austlandet, ligg i fjordleia, og er lett å nå. Vi har ein tenleg flyplass som det tek 10-15 minutt å nå frå fjordleia. Ein stoppestad for hurtigbåt i Eiksund vil vere avgjerande for utviklinga. Ei hurtigbåtrute mellom Florø og Molde, er berre mogleg å realisere gjennom fjordleia.

Frå land til sjø

I fjordleia kan vi etablere eit moderne og effektivt felles anlegg for handtering av gods frå sjøtransport for kommunane på søre Sunnmøre, og distribuere det til dei fleste kommunane utan stor utslepp.

På den måten svarar vi på partia i Stortinget sine felles mål: Nemleg å flytte meir frakt av gods frå land til sjø. Eg gjorde ein gjennomgang av alle partiprogramma(2017-2021) til dei partia som er representert på Stortinget, absolutt alle har ei slik klar målsetjing.

Dette står blant anna i partiprogrammet til Høgre: «Meir gods skal gå på kjøl enn med lastebil. Å utvikle vidare skipsleia og hamnene er nødvendig for å styrkje konkurransekrafta i næringslivet»

Turisme handlar blant anna om å flytte menneske til ein stad der dei vil sjå og oppleve noko. Ei av våre sterkaste merkevarer innan turisme, er fjordane våre. Mange betalar store summar for å få oppleve fjordane. Slik skipstunnelen er planlagt, ligg den som ein open port rett inn, og ut av eit vakkert fjordsystem både på Sunnmøre og i Nordfjord. Moglegheitene for ny miljøvenleg turisme er store, men vi kjenner ikkje fasiten. Konsulentane som reknar på sånne prosjekt vil ha tal, tal og atter tal. Men det einaste vi har og by på er framtidstru, som diverre ikkje er mogleg å plassere på eit Excel-rekneark.

Det er logisk at sjøsikkerheit er det viktigaste temaet i diskusjonane om skipstunnelen. Det var det som var utgangspunktet for planane- og det er det som er det viktigaste føremålet med tunnelen. Men i diskusjonen om det viktigaste, mister vi kanskje av syne dei andre store moglegheitene som opnar seg. Geografien inviterer oss nemleg til nokre nye og framtidsretta samferdselsløysingar i kombinasjonen sjøtrafikk og landtrafikk. Tunnelen blir inngangsdøra til noko av det finaste vi kan by fram av opplevingar, og som mange vil betale for. Ein auka godstransport på sjøen, slik politikarane vil, passar som hand i hanske inn i fjordleia. Så langt er den visjonen berre ein vaken draum, formulert i nokre partiprogram.

Knut Arne Høyvik