Utan ror

  Foto: www.123rf.com

Lesarbrev

Kven kan segla forutan vind? Kva framdrift får ein då?

Kven kan ro utan årar? Kva framdrift får ein då?

Kvar endar ein utan mål og med?

Her eine dagen var eg på veg ut frå eit møte. Då møtte ein topp-politikar meg med fylgjande ord: «Vi vert aldri kvitt eigedomsskatten».

Korleis kan vi velje slike folk til å styre kommunen vår?

Han har vel rett at med slike politikarar som han, så når vi aldri målet der det vert slutt på den urettferdige forma for skatt.

Men det er bra at det er nokre politikarar som har sett seg eit mål,- at denne skatten skal verte heilt avvikla innan 2023. Dei er sjølvsagt avhengige av eit målretta fleirtal om dei skal få han bort.

Eg håpar at ordføraren og varaordføraren held godt i rorkulten, og styrer mot avvikling av eigedomskatten. Dei treng også god vind i segla skal dei få nok framdrift. Vinden i segla kan vere god annan skatteinngang. Å ro vert vel for langsamt og slitsamt mot målet.

Mi anbefaling er: Lat målet stå fast. Full avvikling av eigedomskatten seinast 2023.

Slik kan det vere med på å gjere Ulstein kommune attraktiv å busette seg i. Også for nye som treng å investere i nytt hus.
Det er rett at ein når aldri målet utan ei bestemt utalt målsetting, og at ein styrer økonomien med fast og stødig hand. Og då kan ein ikkje tillate budsjettsprekk på det eine og det andre området.

Budsjettsprekk bør få konsekvensar.

Eit eksempel: Eit kulturbudsjett som i fjor hadde eit overforbruk på 3 millionar kroner, bør få ein tilsvarande reduksjon i neste budsjett. Kan den innsparinga gå til å utvide botnfrådraget på eigedomskatten? Og dermed vert det første etappe i ei skikkeleg nedtrapping av eigedomskatten. Gjerne saman med andre tiltak.

Det skal verte spennande å kome å høyre på kommunestyret når budsjettet skal handsamast og stemmast over for neste år, også langtidsbudsjettet.

Det representantane seier, og ikkje minst stemmer for, skal vi take med oss vidare til neste val.

Agnar Dag Ulstein
Ulsteinvik