Det bør fortsatt vere Sundgotmarka sin tur

Sundgotmarka barnehage  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Lesarbrev

29. mai 2018 vart det på Vikebladet sine nettsider publisert eit lesarinnlegg frå dåverande Foreldreutval for Sundgotmarka Barnehage om at «- No er det Sundgotmarka sin tur». Det var på den tida usikkerheit om kommuna ville prioritere ny kommunal barnehage i sentrum framfor ny Sundgotmarka Barnehage. Heldigvis vart det bestemt at Sundgotmarka Barnehage skulle prioriterast, og både foreldre og ansatte var særs takknemlig og letta over denne avgjersla. Den vidare «kampen» som vi då måtte kjempe for var at den nye barnehagen måtte plasserast på Gjerdsbakkane (som det forrige Foreldreutvalet samrøystes gjekk inn for) og ikkje ved Hasund skule. I ettertid har det no kome inn eit forslag frå sidelinja om at den eksisterende barnehagen eventuelt kan byggast ut. Dette har på nytt skapt bekymring for at den avgjerelsen som vart tatt i fjor ikkje blir gjeldende, og vi ynskjer derfor å formidle våre tankar rundt dette nye forslaget.

I lesarinlegget frå i fjor kunne vi lese at «Sundgotmarka barnehage oppleves i dag som en god plass å ha barna våre på til tross for en svært dårlig bygningsmasse. Takket være fantastisk innsats fra de ansatte, som undertegnede er full av beundring over, klarer de å skape en trygg barnehagehverdag, men vi er svært urolige over hvor lenge de ansatte klarer å lage gull av gråstein.» Det noverande Foreldreutvalget stiller seg bak hyllesten til dei ansatte, dei gjer ein fantastisk innsats, men dette er utelukkende på tross av, ikkje på grunn av den infrastrukturen/bygningsmassen dei har tilgjengelig.

Videre kunne ein lese om dei byggtekniske utfordringene man stod ovanfor, utfordringar som

- Vassrør som fryser på grunn av at rotter har gnaga bort insolasjonen rundt røra.

- Endra rutiner for kvar dei minste borna søv på grunn av fleire observasjoner av rotter rundt bygget og på leikeplassen.

- Aukande mengde foreldredugnar der nødvendige og sikkerhetskritiske tiltak vert gjennomført (restaurering av vindauge, maling av vegger, oppmontering av grinder etc.)

- Store utfordringar knytta til støy inne i bygget der det vart ytra bekymring rundt kva dette gjer med borna våre, og ikkje minst dei ansatte som må arbeide i ikkje-tilfredsstillande innemiljø over fleire år.

I tillegg til dette har Samarbeidsutvalet i Sundgotmarka Barnehage den 28.01.2020 meldt inn følgande bekymringar til kommuna der det vert stilt spørsmål om vurderingane rundt valet om å bygge på eksisterande bygg har vorte godt nok vurdert:

- Det har heilt sidan opninga av barnehagen i 1993 vore eit problem at grunnen under bygninga sig. Er dette teke med i vurderingane dykkar?

- Er det tenkt godt gjennom kvar den daglege drifta av barnehagen skal finne stad i ombyggingsperioden?

- Vil ei oppgradering av eksisterande bygg gje eit resultat som tilfredsstiller dagens krav?

-Kva planløysing ser de føre dykk i ombygging/utviding av barnehagen vil gje?

- Det er i dag få parkeringsplassar ved barnehagen og forbi barnehagen går det mange skulebarn. Korleis ser de føre dykk trafikkavvikling og parkeringsløysing?

- Det er i dag ekstremt dårleg gatebelysning ved inngangen til barnehagen, rundt barnehagen og i Joelvavegen (frå krysset ved hovudvegen og opp til barnehagen). Her hastar det med tiltak.

- Vi stiller spørsmål ved dei kalkulerte kostnadane over utbetring av eksisterande barnehage og utarbeiding av leikeplass og tomt. Er desse tala høge nok?


I tillegg til desse punkta ønsker vi i Foreldreutvalet å legge til og poengtere følgande:

- Særleg parkeringssituasjonen rundt barnehagen i dag oppleves som svært kaotisk, og dette vil drastisk forverre seg om ein skal ha enda fleire foreldre som leverer borna sine her. Vi ønsker også å poengtere at parkeringsplassen til barnehagen vert i dag brukt som adkomst til gangveg for monge av skuleborna som skal til Hasund skule, det er på ingen måte ønskelig med fleire bilar i dette området der risikoen for ulykker vil gå opp.

- Har inntekter for salg av eksisterende tomt der barnehagen står i dag blitt tatt med i reknestykket?

- Grunneigar av tomta som det har blitt foreslått skal brukast til utvidelsen har på ingen måte lyst å selge. Er det hensiktsmessig å eventuelt måtte ekspropiere dyrka mark som husdyr i dag bruker? Med tanke på konfliktnivået rundt ekspropiering av tomter på Skeide friskt i minnet stiller vi oss spørjande til kva priskalkyle som her har blitt brukt.

- Deler av utearealet til barnehagen er til dels ubrukelig og er i beste fall ein god akebakke. Kva vurdering har blitt tatt rundt dette arealet – er dette arealet tenkt som eit fullgodt friareal for borna når antall born skal aukast?

- Det er mykje trekk rundt vindauga, og det er ei ekstrem lukt av avføring når vi hentar borna på grunn av underdimensjonert ventilasjon der det vert skifta bleiar. Kva slags vurderingar rundt innemiljø, komfort og hygiene har vorte tatt i det nye forslaget?

- Brukarundersøkinga frå alle foreldra viser ein klar nedgang frå 2017 til 2019 i spørsmålet angåande «Tilfredshet om ute- og innemiljø», og poengsummen er under landsgjennomsnittet. Kva vurderingar vert gjort knytt til dette i det nye forslaget?

- Er det ein langsiktig plan frå administrasjonen si side at ein skal spare på denne utbygginga for å kunne lettare finansiere ein ny kommunal barnehage i sentrum?


I sakspapira til Levekårsutvalet kan vi lese at «Sidan alternativ 2 utviding av Sundgotmarka barnehage er frå ca. 13-19 mill.kr rimelegare enn dei to andre alternativa, har fordelar knytt til trafikkavvikling og ligg sentralt i det største bustadområdet i krinsen, vert det rådd til å gå vidare med dette alternativet». Korleis ein har konkudert at dette alternativet er positivt med trafikkavvikling har vi vanskelegheiter med å forstå. Det vert også poengtert at det er positivt at barnehagen held til i det største bustadområdet i krinsen. Her tykkjer vi det er underleg at ikkje vi som faktisk har borna vore i denne barnehagen vert spurt om råd før eit slikt argument vert brukt. Vi vil med dette poengtere at eit einstemmig Foreldreutval ser ikkje dette på som eit positivt argument, og vi ønsker å presisere at svært mange av borna (og etter all sannsynlegheit ei aukande mengde no når fleire og fleire barnefamiliar etablerer seg på det nye kommunale byggefeltet på Dimna) bur andre plassar enn Sundgotmarka og køyrer med glede til Gjerdsbakkane!

Vidare les vi på Vikebladet sine nettsider den fjerde februar at det var «Høg temperatur då Ulstein formannskap diskuterte kommunal barnehage». Her er det fleire punkt vi ønsker å kommentere, sett med foreldre sine auge:

- Det vart argumentert at det blir mindre utslepp ved å behalde plasseringa av barnehagen der den er i dag. Det vert fleire og fleire elbilar og Stortinget har gått inn for at sal av fossilbilar skal opphøyre i 2025 ergo vil dette bli eit tynnare og tynnare argument. Vi er svært opptatt av kva jordklode vi etterlet ungane våre og vi har stor tru på at det å lære ungane våre å sette pris på friluft og natur er vegen å gå for å skape miljøengasjerte born (og foreldre) – noko som heilt klart vil vere lettare om barnehagen vert plassert på Gjerdsbakkane.

- Det var nevnt at det kan bli laga ei garasje for sykkelvogner, men vi ønsker heller at dei pengane blir brukt til å gjere det betre for borna våre – per no er over halvparten av uteleikene laga på dugnad og fleire av desse ber preg av ver og vind. Det er også ei draumetenkning at vi foreldre har tid til å ta buss til og frå jobb som ein del av det å levere borna med sykkel, for dette er diverre busstilbudet rundt Dimna for magert.

- Det kom fram i møtet at administrasjonen ikkje hadde diskutert korleis drift av barnehagen skulle gjerast ved ei eventuell utbyggingsfase. Det uroar oss at trivselen til borna og dei ansatte i det som vil bli ei krevjande tid ikkje har blitt fokusert på. For oss er det ikkje tilstrekkelig at «dei alltids vil finne ei trygg og god løysing på» dette. Er nevnt lokasjon på Dimna tilpassa drift av barnehage etter dagens standard, og var det like mange born i barnehagen forrige gong dette var gjort som det er no?

- Vi les at kalkyla for å bygge ny barnehage har dobla seg i forhald til det som vart bestemt i økonomiplanen som vart vedteke i fjor. Kor mykje kan ein då stole på kalkyla for å bygge på eksiterande barnehage når ein ser slike avvik?

Som kjent er Sundgotmarka barnehage fordelt på to lokasjonar i dag, der storborna held til i kjellaren til klubbhuset til Hasundgot IL på Gjerdsbakkane. Her trives borna svært godt og dei er ukentleg på tur i «Gjerdsbakkskogen» der vi foreldre har brukt hundrevis av dugnadstimar for å etablere ein kjekk friluftsarena. I tillegg får borna benytte seg av stadionanlegget til Hasundgot IL der dei får sitt første innblikk i organisert idrett. Hasundgot IL har allereide etablert ei prosjektgruppe som jobbar med ny innandørs fotballhall og kommuna har no mogelegheit til å etablere ein barnehage i nærleiken til etablert turområde og idrettsanlegg – og kva er vel ikkje viktigare i dag enn at borna våre har aktive dagar i fri natur og etablerer tidlig glede av å halde på med aktivitet som idrettslaga kan tilby? Dette i tillegg til alle dei andre positive elementa eit nytt bygg fører med seg bør vege svært tungt!

I partiprogramma til både Høgre og Framstegspartiet er det spesifikt nevnt at dei partia skal jobbe for ny barnehage i Hasund krins (det var med andre ord ikkje spesifikt nevnt om det skulle vere ny barnehage ved Hasund skule eller på Gjerdsbakkane), medan Senterpartiet og Arbeiderpartiet formidla i sine partiprogram at dei eksplisitt skulle jobbe for ny barnehage på Gjerdsbakkane. Det er difor svært urovekkande at representantar frå Høgre og Framstegspartiet no trekker fram økonomikortet som det viktigaste argumentet og går bort i frå det veljarane trudde var ein klar alliert i kampen om ny barnehage! Ja, politikk handlar om prioriteringar, men det handlar også om å gjennomføre dei lovnadane som vert gitt i partiprogramma og vere tru mot den politikken som har blitt formidla veljarane. Soleis forventar vi at desse partia held oppe sine løfter og skaper fleirtal for at det vert ny barnehage!

For oss foreldre finnst det berre eit alternativ, nemleg ny barnehage på Gjerdsbakkane og vi vil avslutte slik fjorårets lesarinnlegg vart avslutta:

«Kjære styrende organ i Ulstein kommune, vi håper virkelig at dere benytter tiden fremover til å gjøre dere kjent med den faktiske situasjonen på Sundgotmarka barnehage gjennom ansatte (og gjerne også via oss foreldre) slik at dere prioriterer på riktig måte. Det er helt nødvendig å skape trygge omgivelser for både barn og ansatte og det finnes bare en fullgod løsning, nemlig å prioritere Sundgotmarka barnehage (...) og erstatte gamle og til dels helseskadelige bygg med ett nytt bygg, som vi for øvrig håper blir plassert ved Hasundgot stadion i nærheten av fjell, skog sjø og allerede etablert uteområde med gapahuk (etablert av barnehagen selv). Ta vare på barna våre og ta våre på deres ansatte, det er Sundgotmarka sin tur nå!»


Foreldreutvalet, Sundgotmarka Barnehage.