Hafast:

Tafatte og greinalause sunnmøringar?

  Foto: Multiconsult

Lesarbrev

Med stor interesse las eg innlegget frå Frank Sve, fylkes-og gruppeleiar i Møre og Romsdal Frp, i Vikebladet Vestposten fredag 28. februar 2020.

Innlegget dreidde seg om sunnmøringane som diltar etter Moldemiljøet og ordførar Torgeir Dahl i spørsmål om sjukehus og fastlandssamband.

At Torgeir Dahl er ein dyktig kar kan eg skrive under på. Han var leiar for Norsk Bokhandlarforeining då eg var administrerande direktør i Biblioteksentralen i Oslo på 80- og 90-talet,fram mot år 2000. Han var ein skikkeleg pådrivar som kjempa med nebb og klør for bokhandlarane sine økonomiske vilkår.

Frank Sve trekker fram at »Torgeir Dahl….har fått heile HAFAST- gjengen godt ned i sine eigne bukselommer….». Dersom det stemmer er det særs betenkeleg og besynderleg at HAFAST går i ei slik felle. HAFAST skal jo arbeide for fastlandssambandet på Sunnmøre og berre det. HAFAST må arbeide for sitt eige prosjekt, bru eller tunnel. Dei må ikkje stille seg bak i pengekøa, men aktivt kome seg på side av Torgeir Dahl og Møreaksen. HAFAST burde absolutt vore prioritert føre sambandet i Romsdal. Det er nok å vise til Transportøkonomisk Institutt sin rapport til Vegdirektoratet i fjor haust der det går klart fram at HAFAST vil bli det største ferjefrie sambandet i Norge, etter Rogfast i 2050, og nesten dobbelt så stor som Møreaksen. Rapporten seier vidare at poptensialet for å skape ein større bo-og arbeidsmarknadsregion er større på Sunnmøre- rundt Ålesund, enn mellom Molde og Ålesund.

Nei, nå må sunnmøringane ta seg saman og jobbe aktivt for å få HAFAST på bana føre Møreaksen. Kven trur for alvor at det blir løyvd pengar til HAFAST like etter at Møreaksen er ferdig ?

PS. Kvifor skal fylkesadministrasjonen for alltid ligge Molde ? Det er på tide at den blir lokalisert til den største regionen, Sunnmøre, som har om lag 55 % av innbyggjarane i fylket. Det er ikkje noko argument at Molde ligg midt i fylket. Skal ein resonnere slik skulle ikkje landets hovudstad ligge i Oslo, men i Trondhim eller lengre nord. DS.

Arnt O. Seljeseth, Fødd og oppvaksen i Ulsteinvik, bur i Oslo