Sentrumsutvikling frå bygd til by

Frå baug bryt båre, til båre bryt bygning og mannen i rundkøyringa

Eg tykkjer synd i han. Mannen i rundkøyringa ser framtidsretta ut, han har kroppen framoverlent, han er klar til innsats. Ikkje veit han at han snart får berre ein glime av hav mellom to høghus, skriv Esther K. Lien i lesarbrevet sitt.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Lesarbrev


Tusen takk til Torbjørn Måseide som kom med eit godt innlegg om sentrumsutviklinga i Ulsteinvik. Eg har lenge tenkt på å sende inn eit innlegg om sentrumsutviklinga, og ynskjer å gjere det no, før det er for seint.



Ein gong var Ulsteinvik ei bygd, med passe store hus, Ten sing, fotball, handball og turn som hovedsatsingar, slik eg hugsar det frå mi oppvekst og media. Ulsteinvik har hatt havet som hovudnæringskjelde gjennom mange år gjennom båtbygging. Det er vel kanskje difor vi har fått mottoet “Der baug bryt båre”. Ordtaket er også retta mot det å sjå framover og å vere målretta som kommune vil eg tru.

I min barndom hadde vi eit gamalt samfunnshus og nokre kafear som stengde rimeleg tidleg. Vi hadde Bertha-kiosken som vi sprang ned til for å kjøpe noko om sukkertrongen var for stor. I dei dagar kosta ein karamell fem ører. Vi hadde Yngres (om eg hugsar riktig), Yngstes og Søndagsskulen og det meste innan bedehus og kyrkjer. Kvart bustadsfelt hadde leikeplassar med yrande liv, og dei fleste bustadfelt hadde vel sine rampungar som vi klagde på i tur og orden.

I vårt bustadfelt holdt vi på med ulike leikar som spark på boks, gøyme å leite, sisten, vi kasta klinkekular på strek , når vi var gamle nok, fekk vi lov å gå ned på Osnessanden å bade, vi gjekk på fjellet, plukka blåbær, eller gjekk oss berre ein tur. På vinterstid gjekk eg på ski oppom huset, eller gjekk på skeiser på Bugardsmyra. Mange gongar bygde vi snøborger, eller snømenn, vi kom inn med naglebet og mor mi sette meg på kaminen for å tine meg opp, neste dag var sjølvsagt borga øydelagt av rampegutane. Mykje strev til inga nytte, tykte vi då. Skulle tru det var 100 år sidan, men vi snakkar om ca 40 år bak i tid.

I år blir eg 50, og ein byrjar då ofte å mimre. Noko av mimringa ser ein i eit rosarødt skjær, medan andre minner hugsar ein dårleg etter kvart. Slik blir det vel når åra går.

Sidan har mitt barndomsrike gått frå bygd til by. Byen sitt kjenneteikn er visst at plassen som oftast er eit tettbebygd strok, så det må ein ha i tankane. Det gjeld her å bygge i høgda, for bygg ein i høgda, får ein plass til fleire. I alle fall når der ikkje er så mange tomter igjen i sentrum.Til fleire bygningar, til betre er det, for ordet by kjem visst frå norrønt bŷr som betyr gard eller plass med fleire bygningar. By viser her til ein begrensa plass med ei tettbebygging. Der det ikkje er plass til utbygging, kan ein lage seg plass, i alle fall om ein har sjøen som næraste nabo. Då kan ein tøme lass på lass med fyllmasse, og bygge seg ei plattform som ein kan bygge på. Når ein har fått noko å bygge på, kan ein begynne å bygge. Dess høgre, dess betre. For då får ein plass til fleire. Det kan vere bra for sentrumsutviklinga, og handelen. For ein by bør også vere ein god handelsplass. Havet som har gitt arbeidsplass til “dei fleste” i bygda er det ikkje så nøye med om vi stenger ute, for no er jo verfta på hell.

Mykje har faktisk blitt fint, to flotte rundkøyringar har vi fått, og når lyset er på og vatnet skrudd på i vannfontena er det vakkert.

Eg har alltid sakna det opne havlandskapet der eg bur no, det er ikkje det same å sjå ein smal fjord, som det åpne og vide havlandskapet med øyer og holmar. I Ulsteinvik by får vi gater med høghus som stenger ute det opne og vide havlandskapet som har vore ein viktig del av den maritime næringa i mange år. Det er visst viktigare å vise at vi er ein by enn at vi bur på ei øy. Den stakkars mannen i rundkøyringa får snart berre ein glime av hav å skue utover. Eg tykkjer synd i han. Mannen i rundkøyringa ser framtidsretta ut, han har kroppen framoverlent, han er klar til innsats. Ikkje veit han at han snart får berre ein glime av hav mellom to høghus. Framfor mannen i rundkøyringa kunne der vore eit ope landskap som det er no. Ulstein kommune kunne utvikla det med grøntareal, sitjebenkar og park. Mannen i rundkøyringa kunne fått eit breitt utsyn over det opne havet, han kunne fått lov å sett framover med kroppen sin som viser at han er klar til innsats. I staden får mannen i rundkøyringa ein glime av det som ein gong var, og kroppen som er klar til innsats får stå der støtt bolta fast i sementen.

Tru , håp og kjærleik er trekløver som er mykje brukt, kjærleiken min til det opne landskapet mot havet er stort. Eg har mange gode barndomsminner i samband med den salte sjøen.

Håpet er der endå om at eg skal få sjå det opne landskapet framom den siste rundkøyringa i sentrum, steinheller med eit grønt grasområde med benkar og blomar ut mot havhorisonten, enn eit nytt høghus som stenger havet ute. Eg kan håpe, eg får tru- og kjærleiken til havet vil alltid vere der.

Esther K. Lien‘

Noko du er engasjert i? Send inn eit lesarbrev til redaksjon@vikebladet.no