Tusenvis av arbeidsplassar vil gå tapt utan maritim tiltakspakke

Knut Øystein Ekroll, avdelingsleiar NITO Møre og Romsdal 

Lesarbrev

Noregs maritime næring er i krise. Koronakrisa og eit fall i oljeprisen gjer at 13 000 arbeidsplassar står i fare. Tiltaka regjeringa så langt har kome med, har liten effekt på verftsindustrien. Ordrebøkene er i ferd med å bli tomme. For mange lokalsamfunn langs kysten er dette svært alvorleg.

Regjeringa må vakne og sikre at næringa overlever.

Talet på arbeidsledige NITO ingeniørar i Møre og Romsdal har auka med over 50% sidan 1 april.

Noreg har maritim kompetanse i verdsleiinga. Vi er avhengige av denne kompetansen dersom vi skal klare å utvikle eksportretta og grøn skipsfartsnæring for framtida.

Framtidas maritime næring må byggast på dagens tilsette og deira kompetanse.

NITO krev at regjeringa utformar ein maritim tiltakspakke. Pakken må gje umiddelbar effekt. Den må skape arbeidsplassar i Noreg. Den må syte for at vi beheld og vidareutviklar dei gode kompetansemiljøa i maritim klynge. Den må være berekraftig, grøn og eksportretta.

Etter fleire oppmodingar til regjeringa set vi no vår lit til at opposisjonen i Stortinget skjønar alvoret og får regjeringa med på tiltak som verker.

Knut Øystein Ekroll, avdelingsleiar NITO Møre og Romsdal

-

Noko du er engasjert i? Send inn dine lesarbrev til redaksjon@vikebladet.no