Lesarinnlegg:

USA og Trump

Lesarbrev

Lesarinnlegg frå Gunnar Saunes

Atle Måseide skriv, som tidlegare nemt, godt om mangt og mykje. Av ein eller annan grunn ser det ut til at han nesten alltid må få med eit sleivspark til president Trump. Så også i kronikken hans i VV 8.1.

Her kan du lese kommentaren Atle Måseide hadde på trykk i Vikebladet Vestposten fredag 8. januar:



... «At Trump og ein stor del av republikanske partiet utan eitt einaste realitetsbasert argument har kravd at valresultata i statar utan republikansk fleirtal skal underkjennast og nekta godkjenne Biden som ny president, viser at det er tale om meir enn avvikling av demokrati og steg mot diktatur. Det er i røynda freistnad på statskupp.»

Først ein faktafeil: Det var mange statar med demokratisk fleirtal som republikanarane ikkje har hatt innvendingar mot. Det striden gjeld er 5 vippestatar der det, etter mitt syn, utan tvil har føregått eit gedigent valjuks. For meg er det ubegripeleg at ein såpass, til vanleg, velorientert skribent som AM ikkje har fått med seg dette. Eg får mistanke om at han har «sine fakta» frå norske medium (NRK, TV2, NTB, VG, Dagbladet, Aftenposten) supplert med dei amerikanske MSM med CNN i spissen. Då kan eg forstå argumentasjonen hans, men då er han også hjernevaska.

Hadde han kunnskap om dei no ca. 2000 personane, som under eid har vitna om eit gedigent valfusk i dei sokalla vippestatane då han skreiv kronikken? Stinkar det ikkje litt når desse vippestatane, som dei einaste valkvelden, stansa oppteljinga på same tidspunkt, på eit tidspunkt då DT var i klar leiing i alle desse statane- og kva med dagen derpå når det viste seg at det i nattens mulm og mørke hadde dukka opp fleire hundre tusen stemmer for Biden – og kva med det faktum at dei republikanske observatørane ikkje fekk vere med på å kontrollere desse valsetlane, men vart haldne avsperra på god avstand- og kva med lovendringar som vart gjorde i Pennsylvania 14 månadar før valet – før corona- som opna for eit gedigent valjuks?

Er det ok at tusenvis av døde og mindreårige har stemt? Og kva med Dominion valmaskinene, nokre av desse har blitt granska og det er påvist at mange av desse er programmert til å ”favorisere” Biden? Og då har eg ikkje nemnt den sensuren Big Tech har gjennomført, før under og etter valet: Innhaldet på Hunter Biden si datamaskin som ville sett vp Biden i eit dårleg lys, fekk veljarane ikkje vite noko om, konservative innlegg på nettet vart sletta. Eit rettferdig val? Og eit annan spørsmål trengjer seg på: Er amerikanarane verkeleg så dumme? Med Trump har dei siste 4 åra hatt ein president som

- har fått gjennomført historiske skattekutt og fjerning av reguleringar. Dette har ført til ein storvekst i amerikansk økonomi og reduksjon av arbeidsløysa-spes. hos afroam. og hispanics.

- har styrka militæret.

- har byrja bygging av grensemuren mot Mexico for å hindre illegal innvandring av ma. kriminelle.

- har styrka samvitsfridomen og ytringsfridomen.

- har trekt landet ut av Parisavtalen og dermed spart landet for ca. 50 milliardar dollar

- har ført ein politikk som har gjort landet sjølvforsynt med olje og gass.

- ikkje starta ein einaste krig.

- har reforhandla handelsavtalar der USA har kome betre ut – for å nemne noko.

Og likevel, likevel vel amerikanarane ein annan til president (kan det sjå ut til) som sanns. vil følgje ein politikk stikk i strid med dette!

Det heile vert ikkje betre når vi ser kven som jublar: Iran (hovudsponsor for terror på kloden), Kina, eit reinhekla diktatur – landet som slepte laus Wuhanviruset som har skapt så mykje elendigheit og Det muslimske brorskap som står på terrorliste i fleire land. Synest AM det er greitt å vere på lag med desse som i dag jublar over valfusket til Biden? Når han skulder T for freistnad på statskupp, bommar han totalt. Det er Det demokratiske partiet med Biden «i spissen», godt hjelpt av Big Tech, korrupte hjelparar i val- og rettsapparatet som har gjort statskupp. Og med slike krefter forsetet vil no AM kunne bivåne «avvikling av demokrati og steg mot diktatur».

God fornøyelse!

Gunnar Saunes