Om å stele val

HAR MISLUKKAST Trump skulder andre for å ha gjort det han sjølv har prøvd på, stele valet. Heldigvis har han mislukkast, skriv Ottar Grimstad.  Foto: Wikimedia Commons / Gage Skidmore, Peoria, AZ, United States of America. CC BY-SA 2.0

Lesarbrev

Donald Trump har hatt klart planane for å kaste tvil om valresultatet lenge før valet skjedde. Sjølv om han sjølv stemmer via post , har han kalla poststemmer valfusk. Etter valet i 2016 hevda han at Hillary Clinton hadde fått 5 million falske stemmer, og sette ned ein kommisjon for å undersøke saka. Verken denne kommisjonen eller andre uavhengige undersøkingar fann bevis eller haldepunkt for utbreidd valsvindel. Likevel har Donald Trump halde fram med sine påstandar som han ikkje har bevis for.

Pandemien har gjort at mange statar satsa meir på poststemmer enn tidlegare. Donald Trump har påstått at coronaviruset ikkje er farlegare enn influensa, gjort narr av maskebruk og sosial distansering. Dette har gjort at hans tilhengarar gjerne har stemt på vallokala, mens demokratane av smitteverngrunnar har stemt meir via posten.


Lesarinnlegg:

USA og Trump


Valnatta 3. november starta med leiing for Donald Trump, vallokalstemmene vart talt opp først. Så kom poststemmene og det begynte å snu. Da kom Donald Trump ut og kravde at oppteljinga skulle stanse.

Oppteljinga heldt sjølvsagt fram. Det kan ikkje vere slik at ein makthavar kan stanse teljinga av eit val sjølv om han aner at resultatet ikkje går hans veg. Etter 3-4 dagar var det endeleg klart at Jo Biden hadde vunne nok delstatar til å bli president. Trump aksepterte ikkje dette og hevda at det var valfusk, og at han hadde sigra. I løpet av kort tid kom hans tilhengarar med hundrevis konkrete påstandar om valfusk.

Ein påstand om valfusk er ikkje det same som eit bevis. Det må vurderast om det er haldepunkt for at påstanden er sann, og om det eventuelt ville endra valresultatet. Trump har ført 50-60 rettssaker for å omstøyte valresultatet. Ingen av dei har ført fram, sjølv om fleire saker har hatt domarar som Trump har peika ut. Påstandane er også granska av valleiinga i delstatane. Eg vil nemne tre saker frå Georgia.



Det var påstått at 5000 stemmer var gjeve i namnet til avdøde personar. Valstyret gjekk nøye gjennom dødsannonser og dødsregister og fann at 2 stemmer var gjeve i namnet til avdøde personar – ikkje nok til å endre valresultatet.

Det vart vist ein film av koffertar med stemmesetlar som var trekt fram frå under eit bord, som bevis på falske stemmer som vart telt opp. Dersom ein såg heile overvakingsfilmen, vil ein sjå at stemmesetlane var lagt i koffertar som var forsegla og satt bort under ei pause i stemmetellinga. Trumpkampanjen har sett heile videoen, men valt å berre vise siste del som eit «bevis» på valfusk.

Trump hevda at ein namngitt valmedarbeidar hadde køyrt ein bunke stemmesetlar 3 gonger gjennom teljemaskina. Dette vart undersøkt. Stemmesetlane hadde gått berre ein gang gjennom maskina. Denne valmedarbeidaren er seinare blitt dødstruga og må opphalde seg på hemmeleg stad.

Desse tre sakene har eg frå eit radiointervju med Brad Raffensberger, secretary of state og valansvarleg i Georgia. Han er sjølv republikanar og stemte for Trump i valet.

Vala i alle statane er blitt godkjent av valstyre der både demokratar og republikanarar er med. Trump har kalla inn fleire republikanske valstyremedlemmer til det kvite hus, og bedt dei gjere om på godkjenninga av valresultatet, utan resultat.

Alle nolevande tidlegare forsvarsministrar, 2 av dei utpeikt av Trump, fann det naudsynt å lage ein aviskronikk der dei advarte dei militære i å blande seg inn i valet, og peikte på at det var straffbart. Korfor var dette naudsynt? Trump hadde nyleg skifta ut forsvarsministeren. Har han prøvd å få militæret med på eit kupp?

5 januar ringte han til Brad Raffensberger i Georgia, og ba han finne fram 11799 Trumpstemmer og erklære Trump som vinnar i Georgia. Han truga Raffensberger med konsekvensar om han ikkje gjorde som Trump ba om. Heile telefonsamtalen vart tatt opp på band.

6 januar var det møte i kongressen for å godkjenne valresultatet. Etter grunnlova skal visepresidenten møte, men ikkje delta i diskusjonen. Representantane har høve til å fremje motførestillingar til valresultatet frå den einskilde staten og stemme mot det, men visepresident Mike Pence kan ikkje gjere anna enn å leie møtet og referere resultatet av avstemminga. Likevel har Trump lagt sterkt press på Pence om å gjere «det rette», sørge for at valet av Biden ikkje vart godkjent. Da Pence nekta dette og sa at han ikkje hadde anna val enn å følgje grunnlova, vart han karakterisert som svikar. Trump sendte tilhengarane sine på marsj mot kongressen. Sjølv om trumptilhengarane greidde å stanse møtet i fleire timar, var møtet avslutta klokka 4 om natta. Avstemminga viste at valet var godkjent.

På Trump sine valmøte vart det ropt «Lock her up» om Hilary Clinton og «Lock him up» om Joe Biden. Trump bad justisdepartementet starte etterforsking mot Biden. Kva bruker vi elles kalle statsleiarar som vil fengsle sine politiske motstandarar og bestemme valresultatet sjølv?

Trump skulder andre for å ha gjort det han sjølv har prøvd på, stele valet. Heldigvis har han mislukkast. Likevel har han gjort stor skade ved å få millionar amerikanarar og også nokre sjeler på ytre sunnmøre til å tru på løgnene sine.

Ottar Grimstad