Storspove frå Hareid overvintrar i Skottland

Frå Hareid: Hareids-storspove CJP på Skottlandsferd. Her har han funne seg ei lita strandkrabbe.   Foto: Iris O’Neill

Lesarbrev

Storspoven på biletet var klekt og vaks opp på Brekkane, Hareid, i lag med to kullsøsken i sommar. Eg var redd for at desse spoveungane, som så mange andre, skulle hamne i ein eller annan forhaustar, så eg venta litt for lenge med å ringmerke dei. Like før dei er flygedyktige, vandrar dei ofte langt av garde. Desse tre for til slutt fram på markane på Holstad der eg berre fekk tak i den eine, og sette på han fargering, oransje CJP. Berre norske storspovar skal ha den fargen og kvar fugl har ein unik kode.

15. september blei dette fotoet teke av CJP, ved Dunbar i Skottland. Seinare er fleire meldingar frå den staden kome inn, så det ser ut til at fuglen blir verande der, sannsynlegvis fram til han dreg heim om to år. Men kva har han å drage heim til? Det er det store spørsmålet. Brekkemarkane er planlagt utbygd i lag med andre dyrka marker i området. Siste sommar vaks der opp seks ungar av denne raudlista arten, som no er det viktigaste området for storspoven i Hareid kommune. Området rundt Hareid ungdomsskule (Brekkane, Godmyra, Pålhaugen og Hareidsmyrane) er beste plassen for storspoven no for tida.

Men farane er mange for denne arten. Ein ringmerkt spoveunge blei i sommar drepen av ein vegkantslått-maskin på Grimstad (funnen av Gunmar Grimstad). Fleire spoveungar er også tekne av katt siste åra. Vidare har det dukka opp hurtiggåande slåttemaskinar som utgjer ein stor fare for bakkehekkande fuglar. Ikkje nok med det, men ei ny metode med å spreie gjødsel med lange, tunge slangar der gjødselen går gjennom, knuser alt på sin veg, både spoveungar og egg. Derfor går talet på denne arten raskt ned der slike reiskapar blir brukte. Storspoven synest dessverre å vere på full fart ut av faunaen mange stader i Noreg. På Sunnmøre har beste områda for storspoven siste åra vore Hareid og Vigra. På Hareid er det no berre ca. 10 gjenverande hekkepar, og var i år kanskje det beste oppvekstområdet for storspove på Sunnmøre, for på Vigra gjekk alt gale med hekkinga pga. uvanleg tidleg slått.

I det planlagde utbyggingsområdet på Brekkemarkane og omegn vaks det i år opp minst 6 ungar, fordelt på ca. 4 par. Elles var der 1–2 hekkepar i Kvitholen, 1 i Kaldhol, 1 Bjåstad/ Grimstadvatnet vest og 2 par Grimstadvatnet aust. Totalt er der ca. 10 par i dalen, men fleire av para fekk ikkje ungane på vengane. Det er litt vanskeleg å få den nøyaktige oversikta, fordi enkelte par vandrar litt med ungane. Blir det nemnde området utbygt med vegar og hus, står Hareid kommune ansvarleg for at nesten halvparten av bestanden kan ryke ut.

Ein art må frå i år av reknast som utrydda på Hareid, vipa. Den før så vanlege arten syng no på siste verset her. Tidleg i mars kom ei ho-vipe til sumpen på vestsida av Grimstadvatnet. I mange veker venta på ho på ein partnar. Ingen kom, og no er ho vekke. I 2020 var der tre viper, men hekkinga mislukkast, og berre denne eine fuglen kom tilbake i år.

Ein annan vadarart som også er heilt utradert som hekkefugl på Hareid, er raudstilken. Dette grunna seinkinga av Hareidselva og reguleringa av vatnet.

Tjelden hekkar også i det nemnde kjerneområdet ved ungdomsskulen. Arten har dei siste åra gått mykje tilbake. Der hekkar 4 par i same området som storspoven, men totalt er det mindre av den arten her i bygda. Tjelden slit også, fordi strandsona ved sjøen er utbygd nesten over alt.

Held dette fram slik, fryktar eg for at vipa og raudstilken får følgje av både storspoven og tjelden innan få år.