Satsinga på Tampenbuda er flott, og kommuna sine planar om indre hamn med badstove og gjestebrygge er også berre å applaudere. Skal det bli vekst i ein kommune må folk få lyst til å busetje seg der, og tiltak som skissert i Vikebladet fredag 3. januar vil heilt klart bidra til bulyst i bygda.

Når eg reagerer på dei skisserte bygningane, sjølv om bildeteksten ber meg la vere, er det fordi Fellesnaustet er fjerna til fordel for noko som liknar bustader. Er dette noko Bruland Prosjekt har funne på sjølv? Det tvilar eg på. Fellesnaustet er det første store trivselstiltaket i Hareid sentrum sidan oppstarten av hamnearbeidet, og det har vore motarbeidd frå første dag. Store ord? På vegne av meg sjølv og 52 andre partshavarar i fellesnaustet vil eg seie tvert om. Eg skal forklare:

Frå gammalt hadde alle i Hareidsdalen tilgang til sjøbruk gjennom naust og naustrettar. Mange av desse låg i det som no vart hamneområde, og vart innløyste under lovnad om at naustbehova for framtida skulle dekkast av kommunen. Denne lovnaden var ein føresetnad for valdgiftsaka som i 1964 fastsette erstatning for dei «evigvarande» rettane mange no gav frå seg. Heradsstyret gjorde derfor 17.4.1964, få dagar før saka kom opp, samrøystes vedtak om at kommunen skulle dekke behovet for naust i sentrumskrinsen. Dette skulle skje etter ei skisse som viser to fellesnaust inne i hamna, eitt i nordre og eit i søndre delen. Leigeperiodene skulle vere 15 år og leiga 30 kroner året. Hamnestyret godkjende planane, utvida hamna, la ut fortøyingsfeste og mudra så også småbåtane skulle få trygge tilhøve. Dermed skulle alt vere orden. Det var det diverre ikkje.

Fem år seinare var hamna ferdig og det nye kommunestyret viste ingen vilje til å oppfylle vedtaket om naustbygging sjølv om 80 trengande hadde meldt inn behov. Det nystarta Hareid Småbåtlag tilbaud seg då å løyse denne kommunale oppgåva i privat regi. Det vart laga reguleringsplan, men sidan kommunen prioriterte både ny brannstasjon og utviding av konfeksjonsfabrikk på tomta, vart det ikkje gitt løyve til meir enn det fellesnaustet som står der no.

Tilskott til opparbeiding av tomta var det heller ikkje vilje til. Lav tomteleige måtte vere meir enn nok stønad til dette tiltaket, i fylgje utskrift av møteboka for formannskapet for 19. januar 1971. Leigetida vart først sett til 10 år, men etter påtrykk frå sentrale mynde måtte kommunen gå med på utviding til 25. Sidan denne avtalen gjekk ut 20. januar 1996 har Fellesnaustet stått på nåde. Nye leigeavtaler har gitt alt frå eitt til ti års galgenfrist, noko som har gått ut over både bruk og vedlikehald. Ingen pussar opp bygning som kanskje må rivast i morgon, ingen betalar for noko som kanskje snart må fjernast, og få gir frå seg eigedom utan brukbart vederlag.

Dagens festeavtale er på ti år og går ut 1. juni 2025, med høve til lenging for eitt år om gongen. Dette sjølv om tilsvarande bygg etter lova skal ha ei festetid på 80 år, eller avtale utan tidsavgrensing.

I løpet av Fellesnaustet si levetid har fleire investorar sikla etter tomta. Det skal ikkje nektast at bustadbygging i sjøkanten kan gje god profitt for driftige kapitalistar. Eg innser at folk med trong til å sole seg i andre si misunning er villige til å betale godt for eksklusive bustader. Men er det god politikk å bruke millionar på millionar av skattekroner på ei fiskerihamn for så å hive ut naust og garnbruk til fordel for eit slags lokalt Aker Brygge?

Nausta er ikkje berre for båtane. Nausta er like mykje plass for liner og garn og teiner og alt som trengs til fritidsfiske og dykking og annan havsport. Rom i heimen til den slags minkar med kvar ein minibustad som vert sett opp på tronge og dyre sentrumstomter. Behovet for naust i sentrum er derfor ikkje mindre i dag enn då fellesnaustet vart bygt. Det er større, og det aukar, også grunna aukande matprisar og aukande behov for å hente seg litt gratis «sul frå sjøen».

Dersom politikarane meiner alvor med si uttalte von om vekst i Hareid, kan det vere lurt å  ta vare på og bygge ut dei trivselstiltaka som finst og kan gje vanlege folk, slike som det er flest av, lyst til å busetje seg her. Spesielt gjeld dette tiltak i privat regi som ikkje belastar kommunekassa.

Ordføraren lovar at utviklinga i hamna skal skje i nøye samarbeid med småbåtlaget. Eg vonar vi denne gongen har ein lovnad å lite på.

Gaute Hareide

PS. Det kom korkje brannstasjon eller fabrikk på indre hamn. Dermed finst det enno rom til å oppfylle det nemnde vedtaket om naust i hamna. Eg er rimeleg sikker på at småbåtlaget har evne og vilje til å utvikle ein enda større del av hamna til ein god plass for båt og båtfolk enn laget til no har fått lov til. Men då treng laget trygg grunn å bygge på. DS.