Vi som fastlegar ser med stor skepsis på den planlagde innføringa av Helseplattforma i Region Midt-Norge. Vi står saman med våre kolleger på sjukehuset, og vil med dette advare mot innføringa.

For oss er datajournalsystemet ein svært viktig del av arbeidskvardagen. Sjølv små forstyrringar der gir store problem både når det gjeld kapasitet og kvalitet i arbeidet vårt. Vi har høyrt tallause historiar frå fagfolk som faktisk brukar systemet ved St. Olavs hospital og ved Øya legesenter i Trondheim. Desse fortel om eit svært tungvint system som også inneheld ei rekke feil. I Danmark har samme system (Epic) vore nytta i fleire år. Også våre danske kolleger fortel skremande historier om kor tungvint systemet er i bruk.

I tillegg er systemet svært dyrt. Dei økte kostnadane må dekkast inn av ein allereie hardt pressa helseøkonomi. Det vil også føre befolkninga i Midt-Norge vekk frå nasjonale fellesløysingar som t.d. HelseNorge.

Vi trur ikkje på ein modell der heile helsevesenet skal bruke det same store komplekse systemet. I staden trur vi på ein modell med moderne journalsystem som er tilpassa den verksemda dei skal brukast i, og som kan “snakke med” andre verksemder slik at naudsynt informasjon enkelt blir tilgjengeleg for den som treng det, også utanfor Region Midt-Norge.

Vi ser det vil verte svært krevjande å skulle fortsette som fastlegar dersom det blir krav til oss om at vi skal nytte dette systemet. Vi vil med dette advare kommunene mot å gå til anskaffing av Helseplattforma.

Søre Sunnmøre, 10.november 2023 Fastlegane ved Myrvåg legesenter Fosnavåg Helsehus Herøy legesenter Hareid legesenter Sande legekontor Hornindal legekontor Volda legesenter Ørsta helsesenter