Området ligg utafor det som er definert som sjølve sentrum i Ulsteinvik.

Ingen av bygga i sentrum er høgre enn 5 etasjer og det er krav om 1,5 parkeringsplassar pr. boeining. Utbygginga ved Mylna er delvis planlagt med 7 etasje og 1 parkeringsplass pr boeining.

I ein småby som Ulsteinvik vil 7 etasjer like ved sentrumsområdet og til sjøen bryte med utbygginga i sentrum. Dette er uheldig, og det må vere svært gode grunnar for å godkjenne eit bygg med 7 etasjer på Saunes.

Ulsteinvik har regionspreg og ligg i eit område der det er behov for privat bil både til og frå sentrum til arbeid og besøk.

Skal bustadane i bygga huse andre enn enkeltpersonar og pensjonistar vil ein parkeringsplass pr. boeining føre til stort parkeringsbehov til ei kvar tid i Nesevegen. Slik planlegging kan vanskeleg kallast anna enn uklok.

Utbygginga er planlagt med utnyttingsgrad på 80 prosent. Det er meir enn det doble av det ein ellers har i området. Skal ein godkjenne det må ein konkludere med at det nettopp her er «svært gode grunnar til slik utnytting».

Dei fleste av sentrumsområda på Sunnmøre er utbygde i perioden 1970 -2000; i ein periode der det var lite tanke på heilheitleg utformig av sentrumsområda. Gamal busetnad vart fjerna og nye bygg oppførde utan tanke på kultur og estetikk.

Ein tur langs kysten og i fjordane våre er ikkje egna til begeistring over estetikken i sentrumsområda som åpenberar seg.

Ulsteinvik har hatt fordelen av at ein i perioden 2000 og framover hadde mulegheita til ei meir heilheitleg senrumsplanlegging. Mykje av det ein har fått til har gitt oss eit sentrum vi kan vere godt nøgde med – både funksjonelt og estetisk.

Utbygginga på Saunes må ikkje vere slik at det bryt med resten av sentrumsutbygginga. Ei for tett utbygging, med ein «skyskrapar» yst på Saunes er neppe egna til å bedre estetikken i sentrumet vårt; hverken sett frå sjøen eller frå landsida.

(Til ettertanke: Sjøbodene ved Brosundet i Ålesund er berre 4 etasjer pluss ark!)

Ulsteinvik den 4. juli 2023

Torbjørn Måseide

Noko du er engasjert i? Send inn dine lesarbrev til redaksjon@vikebladet.no