Det ser ut som budsjettet og investeringar av 20 bueiningar til 60 millionar på Brekkane skal drøftast i avisa. Vi tykkjer om å vera grundig og kunnskapsorientert, men i denne saka er vi folkevalde haldne heilt på sidelina. Det uroar stort. Det vesle vi veit om 60-millionar-saka gjennom avisa, gjer at Høgre kjem til å gå imot innstillinga og dersom den vert tvinga gjennom av fleirtalet, vil vi be om lovlegkontroll av vedtaket hjå Statsforvaltar. Ikkje for å kverulere, men for å hindre mogleg rettssak om brot på anbodsreglane samt verje om omdømet til Hareid kommune. Vi har skrive og etterlyst lov-vurdering og politisk prosess utan gode svar frå administrasjonen.

Det er alt for mykje uryddig og som skurrar i denne saka.

  1. Saka har ikkje vore til politisk handsaming, men er eit «benkeforslag» i ei budsjetthandsaming. Omfanget er stort og verkar vere «rigga». Vi som folkevalde kan ikkje akseptere så lemfeldig førebuing i ei sak med eit omfang på over 60 millionar.

  2. Det verkar svært sannsynleg at Hareid kommune i denne saka bryt lova om offentleg anskaffing. Med det vi kjenner til i saka og drøfta med kunnige, stiller vi oss svært tvilande på om dette er lovleg innanfor. Den går også over terskelverdi for EØS (56 mill i 2022-2024) og ESPD krav. Men utan vurdering av dette spørsmålet korkje i saka eller i avisa, lyt vi leggja til grunn at kommunen gamblar på at «dette går bra».

  3. Vi veit at til dømes Mesterhus har liknande hus under oppføring sentralt, vi veit vidare at Hareid kommune har 5 tomter på Pålhaugane som truleg er betre lokalisert til føremålet og kan gjera prosjektet 10-15 millionar rimelegare då vi slepp kjøpe tomter i tillegg til husa. Som folkevalde vil vi gjerne vere med å drøfte kva som er best for innbyggarane. Har ein kontakta andre aktørar om kva dei kan tilby på opne marknad? Prosjekta deira har heller ikkje starta, men ligg ute.

  4. Det ringer habilitetsbjeller.

  5. I avisa verkar det som om Hareid kommune har vunne i lotto (husbanken) og vi reddar ei lokal verksemd frå «dei store stygge aktørane frå Oslo og Danmark» berre vi vedtar dette. Så tendensiøst og proteksjonistisk av ein presumt profesjonell aktør! Kva med liknande verksemder i kommune og region som også slit i marknaden? Kva med anbod og fri konkurranse? Etter vårt syn vert omdømet til kommunen forringa av slike utspel, og det undrar oss stort at ordførar og kommunedirektør applauderer dette.

Denne investeringa handlar om 20 bueiningar til flyktningar som seinare skal nyttast av vanskelegstilte. Våre spørsmål handlar om lov og prosess, men også om det er føremålstenleg å ha 20 slike bueiningar 50 meter frå barneskulen i framtida. Kan det vere meir tenleg å legge desse på kommunale tomter omkring Pålhaugane med betre tilgang til administrasjon/tilsette for dei vanskelegstilte der? Med behovet Noreg har for flyktningbustadar trur vi også Husbanken vil få nye friske midlar til føremålet. 60 millionar er ikkje noko å handle over bordet!

Hareid Høgre, Ole Frank Bakken.