Eg har registrert at enkelte føler seg såra og vonbrotne og trekk personar inn i debatten. I motsetnad til i Ulstein der ein har blitt einige om det motsette. Sidan Folkelista vel å trekke fram enkeltpersonen Bernt Brandal i sin argumentasjon, vil eg berre slutte meg til at Bernt er ein fin og jovial ordførar som har representerert kommunen på ein god måte, og vi har hatt eit godt samarbeid. Det må likevel vere mulig å ha større ambisjonar på vegne av kommunen og innbyggarane utan at dette skal verte oppfatta som personkritikk av sittande ordførar.

Eg er på veg ut av politikken men har i dei siste fire åra vore medlem i FSK og KST. Mykje godt HAR skjedd i Hareid desse åra, det meste på BAKGRUNN av vedtak fatta i perioda forut denne!

Nemnast kan miljøgate, Helsehus, Vekst i Hareid, Røysetvegen, parkeringsutvikling/Hapark, oppussing av rådhuset, regulering av Pålhaugane, Opplev Hareid med meir, altså det meste av det som krevst politisk vedtak på, i lista til Thor Ove Nedrelid. Å få gjennomført vedtak som gir ny utvikling og retning krev planarbeid som viser visjonar, retning og ambisjonar. Dette er det politikarane sin jobb å vedta, og det er øvste politiske leiing ved ordføraren som har ansvar for å sette slike saker på sakslista.

Vedtak krev også finansiering og politisk samarbeid. Dersom dette er enkelt, så er det rart at vi i denne fireårsperioda ikkje har klart å gjennomføre mykje viktig planarbeid og vedtak som fører oss framover. Vi står no f.eks utan plan og retning mht HSL og framtidig bruk av området dei held til i. Når Høgre snakkar om politisk leiing så tiltalar dei også meg, som i aller høgste grad har vore ein del av denne, gjennom plass i FSK og KST. Eg synes spørsmålet til oss som sittande leiing er heilt legitime å løfte fram. Ein valkamp, og debattar, skal vise kvar vi er samde og kvar vi er ulike. Det naturlege er å utfordre kvarandre på dei område ein ser saker ulikt og stille spørsmål rundt temaer, utan at det skal bli oppfatta som polariserande eller splittande. Å kneble valkampen før den er komen i gong er trist synes eg. Til svar på spørsmålet frå Høgre har eg inga lang liste på kva vi har fått til utenom å ferdigstille prosjekt og vedtak gjort i forrrige periode.

Eg har gjentatte gongar etterlyst politiske saker og har opplevd at spørsmål eg har sendt inn og/eller stilt i møte har tatt meir tid enn sjølve sakslista. Samtidig med at vi får orienteringar om prosjekt som administrasjonen sjølv har utført utan politisk handsaming. Eg kan nemne sti/belysning på Nessetelva og no plan om sauna med meir i hamnebassenget vårt – typiske saker der politikarane skulle ha hatt ei meining og politisk leiing skulle følgt opp at prosjekta blir slik vedtaka seier at det skal bli.

Eg vil minne om kva som er politikarane si rolle i ei kommune:

  • Sette dagsorden

  • Ta beslutningar

  • Fordele ansvar – grunnlag for styring

  • Følge opp politiske vedtak – kvar står sakene?

  • Etterprøve resultata – er måla nådd? Kva får innbyggjarane igjen og er resultata gode nok?

  • (regjeringen.no)

Eg meinar at vi den siste fireårs perioda har:

  • satt lite dagsorden

  • tatt svært få beslutningar som har stor betydning for utviklinga vidare i Hareid – kva store NYE prosjekt/veivalg i planarbeid har vi vedtatt?

  • følgt for dårleg opp vedtak, her kan nemnast: Veg og ledningsnettet på Røyset, Holstadfeltet (grunnkjøp er f.eks ikkje ferdigstilt), Pålhaugane (ingenting skjedd siste fire år), evaluering av fotballhallen som blei svært mange millionar dyrare over natta etter at kommunen blei prosjektleiar, toalett på Nesset som blei til omarbeiding av elv, laging av sti,lyssetting og reaksjonar frå Statsforvaltaren…lista her er lang.

  • Ikkje rullert planar; f.eks oppvekstplan med blant anna visjonar og planar knytt til framtidas barnehagestruktur.

  • trafikktryggingsplan er ikkje rullert

  • samfunnsdelen av kommuneplanen

  • ikkje gjennomført evalueringar som seier noko om kva som er nådd både økonomisk, tidsmessig og bruksmessig for innbyggjarane våre. Korleis lære og forbedre oss om vi ikkje veit korleis ting har gått?

Alt i alt har leveransen til sittande FSK og KST, altså øvste politiske leiing, inkludert meg sjølv, ikkje vore så god som den kunne ha vore.

Kanskje nokon synest det er ein hard dom å gi, men det er i allefall min eigen dom over eigen leveranse. Om andre vel å vere fornøgd med «sittande regjering» så vil eg avslutte mi politiske karriere med å seie: Hareid Høgre vil meir for Hareid!

Berte Holstad Engen