I heimen vår har vi laga oss ein tradisjon der vi ser julekalenderen på NRK kvar morgon før skule og arbeid. Vi vaksne gler oss og er minst like spente som barna på dagens nye episode, og er utolmodige på å finne ut korleis serien skal slutte.

Årets julekalender, Snøfall 2, har skapt diskusjon. Serien tek for seg både tradisjonar og utfordringar i norske familiar, og er ein tidsaktuell serie på mange måtar. Serien byr på både spenning og gode og vonde kjensler, og fortel ei historie mange dessverre kan kjenne seg att i.

Dei nære ting

Snøfall har lært familien min noko. I år har vi bestemt oss for å ikkje stresse. Jula kjem, og jula går. Det viktigaste er å seinke skuldrane, puste med magen og nyte rolege dagar saman med familie og venner.

Vi gler oss over god helse, sjølv om ein hoste har vore med sidan midten av september, og nokre netter har vore krevjande med falsk krupp og omgangssjuke. Likevel, vi har det bra. Vi set forventningane litt lågare i år, og gler oss til ein julekveld med fokus på barna, med brettspel og avslutning av årets julekalender.

No, med få dagar att til jul, sit eg på kontoret og ser ut. Med eit lite snødryss i lufta og tonane av Nordnorsk julesalme i bakgrunnen, kjenner eg at julestemninga kjem sigande.

Eit nytt år

2024 vil by på nye gleder og nye utfordringar. Etter valet i år har vi eit nytt kommunestyre og ei ny samansetning av folkevalde som også skal lære noko nytt. Sidan dette er mi første julehelsing som ordførar, må eg også få seie at det er med ærefrykt at eg får representere dykk som dykkar ordførar.

Om eg ikkje kan love at eg alltid kjem til å gjere alt rett, eller at eg kan gjere alle til lags, skal eg i alle fall love at eg skal prøve. Eg er stolt og audmjuk over oppdraget.

Godt samarbeid

I 2024 og delar av 2025 skal politikarar og administrasjonen i Ulstein kommune gjennom ei omfattande omstilling. Dette er naudsynt då inntektene vert mindre og behovet for tenester større. Vi må finne balansen mellom økonomi og samtidig levere den forventa kvaliteten.

Eg er sikker på at vi skal klare dette, Ulstein er kjend for godt samarbeid, og det er gjennom dette samarbeidet vi skal takle utfordringane saman.

Sjå kvarandre

Men først skal vi glede oss over jula. I ein travel kvardag er det lett å gløyme å sette pris på dei små augneblinka. I tider med rentehevingar, høgare matprisar, krig i Europa og andre delar av verda, er det mange som sit med ei vond kjensle i seg. Det er urolege tider.

Ikkje alle har moglegheita til å gå inn i jula med låge skuldrar. Ver ein god venn og ein god nabo. Strekk ut ei hand. Inviter ein ekstra gjest til julemiddagen. Ta den ekstra praten over hagegjerdet. Sei hei ein ekstra gong, og møt blikket til kvarandre. Sjå kvarandre. Saman kan vi skape ei god juletid.

Eg håper at alle får høve til å legge vekk bekymringane sine og nyte nokre rolege juledagar.

Eg ønsker dykk alle ei god jul og eit godt nytt år.

Stian Skorgen Scheide ordførar