Frå heile landet har bønder mobilisert og reist i retning Stortinget for å demonstrere mot det talgrunnlaget som i dag ligg til handsaming.

Gjennom talgrunnlaget har regjeringa føreslege ei ny måte å rekne ut inntekta til bonden og bøndene ser ikkje at det som er lagt fram reflekterar bøndene sin kvardag.

Særleg tre punkt må endrast for at det skal harmonere med verkelegheita:

Eit årsverk i landbruket må vere det same som for andre, 1700 timar. Ikkje 1845 timar slik som tallgrunnlaget per no har vist til.

Det er urimeleg å legge til 20 % på bonden si inntekt før den vert samanlikna med andre. Kva andre yrkesgrupper hadde akseptert å få utbetalt 20 % mindre i løn for å levere 100 % jobb?

Det er store verdiar som ligg til grunn for å drifte eit gardsbruk, maskiner/bygg/jord. Bøndene ber om at all eigenkapital som vert investert i garden skal ha ei fornuftig avkastning.

Handsaminga som skjer i Stortinget i dag er prega at eit paradoks: dei partia som sikrar fleirtal for den nye måten å rekne ut bøndene si inntekt, støttar ikkje opptrappinga av den.

Saka handlar om det skal skje ei tydeleg satsing på matsikkerheit, beredskap og sjølvforsyning gjennom auka inntekter i landbruket. Vedtaket i Stortinget blir grunnlaget for korleis rekne ut bøndene si inntekt i mange år framover gjennom jordbruksoppgjeret.

Spørsmålet er om det skal vere ei framtid for norsk jordbruk og dermed ei tryggare framtid for alle dei er avhengig av at andre produserer mat til seg.

Ane Malene Søvik Nygård

på vegner av bondelaga på Søre Sunnmøre