Det er slett ikkje utenkjeleg at noko slikt kunne ha skjedd det påtenkte brusambandet HAFAST. Bærre med den forskjell at konsekvensane kunne blitt mykje større med det ustabile og dårlige været som ofte råkar dette området.

Dette er derfor nok ein grunn til å skrinlegge bru som samband mellom Hareid og Sula. Det er heller ikkje noko framdrift i prosjektet. Dei har ikkje ein gong bestemt seg for kvar bru skal gå og heller ikkje om det blir eit spenn på 3.000 m ( verdas lengste bruspenn) eller 2 spenn a 2000 m med eit tårn i midten som måler 735 m frå botn til topp.

Utopi og luftslott. Det er allereide brukt fleire hundre millionar kroner til målingar av vind, havstraumar, flo og fjøre og seismiske målingar m.v. Stopp dette sløseriet og begynn å tenke alternativt, tunnel mellom Hareidlandet og Godøya.

Det er no vel 5 år sidan eg sist skreiv om fastlandsambandet i denne avis. På denne tida har det skjedd svært lite; vi er ikkje nærare eit samband i dag enn for 5 år sidan. Det er bortkasta tid. Tenk om styret i sambandet hadde lagt til side prestisjen og sett i gang ei utgreiing om tunnel-altenativet. Dei har opp gjennom åra fått mange oppmodingar om å komme på bana om tunnel som alternativ til bru , jmf. min artikkel den 9. mars 2019 i VikebladetVestposten siste ledd. Som eg skreiv i denne artikkelen bør tunnelen gå inn i fjellet ved Diftebrua ovanfor Rise, under Hareidlandet og Godøya med samband til Vigra og Ålesund. For å få eit trafikksikkert samband må det lagast to tunnel-laup med doble køyrebaner.

Arnt O Seljeseth