I nokre månadar har valprogramutvalet i Hareid Høgre diskutert kva vil vil for Hareid. Vi vil så mykje meir for Hareid og tusen takk til dei som har bidratt med innspel. Det har vore ein god og grundig prosess som vi har lært mykje av. På vår heimeside hoyre.no/hareid/ finn du meir om vår politikk, våre kandidatar og kva vi vil ha meir av i Hareid.

Hareid kommune er ei god kommune å leve i heile livet, og slik vil vi at det skal halde fram. Vi skal halde fram å prioritere dei fire største, oppvekst, arbeid, fritid/kultur tilbod og god eldreomsorg. Vi har laga eit program som både tar i vare det særeigne, trygge og godt innarbeida, men tør også løfte saker vi tenkjer er viktig for deg som innbyggjar og for utviklinga av kommunen.

Det er vår plikt å ivareta og vidareutvikle Hareid samfunnet for framtidige generasjonar. Hareid Høgre har tillit til at samfunnet vert bygt av engasjerte folk i kommunen. For Høgre er det viktig å gje moglegheiter for alle. Om det er oppvekst, arbeid, eldreomsorg, arbeid mot utanforskap, kultur, i verdiskaping eller i frivillig arbeid. Alle har stor verdi og betyr mykje for oss i lokalsamfunnet vårt.

Hareid kommune har mange gode kvalitetar, men har -etter vår meining- seinaste åra stagnert i utvikling og initiativ. Kva store løft i kommunal regi har ein hatt etter 2019? Mykje positivt skjer med idrettsbygg, pynting og frivillige initiativ. Takk til idrettslag og frivillige for jobben de gjer kvar dag i Hareid. Heldigvis ser vi litt betring seinaste år innanfor næring, og vi skal leggje til rette for vidare vekst av eksisterande aktivitet og for nyetablering.

Vi høyrer stadig fleire som etablerer seg i nabokommuner fordi dei ikkje finn attraktive tomter i Hareid. Kvar er det attraktive Holstadfeltet i løypa, kvar er nye attraktive tomter i krinsane?. Avgifter og gebyr (utan eigedomsskatt) har auka med 43% frå 2019 i Hareid (kjelde SSB, tabell 12846). Når ein tar med eigedomsskatt er Hareid ei dyr skatte -og avgiftkommune, også samanlikna nasjonalt. Mange slit med rente, høge prisar, drivstoff, straum, gallopperande matprisar og få endane til å møtast. Hareid kommune bør ikkje leggje meir til den børa med vidare auke i avgifter og skattar. Og ja, vi kjenner til sjølvkost, men det går å sjå på f.eks avskrivingstid på anlegg og innretningar som gjer at vi ikkje aukar vidare. Dette triggar ikkje vekst.

Vi må arbeide hardt for å skape nye inntekter i kommunekassa, og slik skape rom for nyetablering og vekst. Potensiale er her. Vi ynskjer vi eit politisk skifte og ei ny offensiv retning i kommunen. Hareid Høgre har politikken og dei kandidatane som trygt kan bidra til å styre lokalsamfunnet vårt dei neste 4 åra.