Som ein engasjert politikar vil eg styrke Ulstein kommune sin økonomi og handlingsrom. Eit viktig steg er å legge tenestepensjonen til kommunen ut på anbod. Dette er ein fornuftig og ansvarleg måte å forvalte fellesskapet sine verdiar på.

Eg har utforska fleire moglegheiter for å styrke handlingsrommet vårt, til det beste for innbyggarane og tilsette. Eg meiner dette verkemiddelet er eit av fleire rette steg å ta for å betre økonomien vår. Debatten i formannskapet blei dessverre handsama i lukka møte, men eg meiner at prinsippdebatten om temaet må vere open og tilgjengeleg for innbyggarane.

Ei av mine viktigaste sakar er å sikre at tenestepensjonen blir lagt ut på anbod. Det var derfor gledeleg med støtte i budsjettdebatten for 2022, og et felles verbalframlegg saman med Venstre. Det er viktig å presisere at pensjonen for kommunalt tilsette vil vere den same uavhengig av leverandør. Vi kan ikkje endre tenestenivået eller pensjonsrettane til dei tilsette, dette er avtalefesta. Det vi kan gjere er å sette tenestene ut på anbod for å sikre konkurransedyktige prisar og god forvalting av fellesskapet sine verdiar.

Konkurranse er bra, konkurranse skjerpar og gir ei viss makt til kunden. Ulstein kommune har vore ein minoritetseigar hos ein leverandør som har hatt monopol på tenesta i snart 75 år, med nokre få unntak. Dei fleste kommunane i Noreg har pensjonen sin forvalta av same leverandør eller i eigne pensjonskassar.

Men nokre kommunar har sidan 2020 valt å leggje tenesta ut på anbod. Desse kommunane har enda opp med å bytte leverandør, noko som ikkje er overraskande når ein ser på årsrapportane deira. Ikkje alle har eit budsjettår med ny leverandør, men der er fleire som har gjennomført konkurransen og gått for eit skifte i desember 2022.

Eg vil gjerne sitere kommunedirektør Ketil Reed Aasgaard i Strand kommune, som uttalte: «Kjøp av pensjonstjenester er et av de største enkeltinnkjøpene kommunen gjør. Jeg mener at det er uforsvarlig ikke å legge tjenestepensjon ut på anbud.» (Kommunal Rapport, 16.12.2022).

Det er rett og slett sunn fornuft å legge ut kommunen sitt største innkjøp utpå anbod. Kvalitet er viktig, men eg trur dei to største pensjonsleverandørane i Noreg kan konkurrere både på kvalitet og pris, og det einaste Ulstein kommune risikerer ved å gjennomføre ein innkjøpskonkurranse, er å få eit betre tilbod enn det vi har i dag.

Ulstein kommune er i ein kritisk situasjon med eit underliggande underskot. Vi er avhengige av meirinntekter for å få endane til å møtast gjennom året. Vi kan dra nytte av anbodsprosessen for å betre vår situasjon neste år.

Eg kunne skrive mykje meir om kvifor anbod er ein god idé for tenestepensjonen, til beste for innbyggjarane og dei tilsette. Eit auka handlingsrom på til dømes 2 millionar kroner kan gje betre bemanning innan helse og omsorg, verktøy til lærarane eller finansiere andre tiltak i kommunen. Eg støttar uttalen til kommunedirektøren i Strand kommune og håpar Ulstein-politikarane gjer det same på kommunestyremøtet den 22.06.2023. Kven vi endar opp med som leverandør etter anbodsprosessen, er vanskeleg å seie.

Men ein ting er sikkert. Kommunen vil dra nytte av prosessen - og kommunen; det er deg og meg. Godt val