Det er visst eit hastverk med å få den kontroversielle og omstridde utbygginga på nedre Saunes vedteken av det sitjande kommunestyret.

Ein kan spekulere i kva dette hastverket kjem av. Er nokon redd for at det nye kommunestyret vil vende tommelen ned for prosjektet, skal det sitjande kommunestyret etablere ein bauta for sin periode eller er motivet berre at ein vil vere effektiv. Om det siste, vil eg kommentere at å forhaste seg med store prosjekt, sjeldan er lurt.

I dette prosjektet synes det som om uklarheiter og ting ein ikkje har forstått, saker som har kome opp som ein må sjå nærare på, i alle fall ikkje er mindre enn for tilsvarande prosjekt som har vore oppe tidlegare.

At ein stadig må ut i media for å fortelje at det som har vore vist, ikkje nødvendigvis stemmer med det som skal diskuterast i kommunen, og at det kan kome endringar, tyder på at så kan vere tilfelle. Det er også basert på ymse dispensasjonar.

Det som er heilt klart, er at ved å trumfe dette gjennom før det nye kommunestyret er etablert, er det sitjande kommunestyret med på å undergrave sjølve grunntanken med demokratiet: At folket skal bestemme.

Denne viktige saka var ikkje på kartet då sitjande kommunestyre var valt og folket hadde såleis ikkje høve til å finne ut kva politikarane meinte om saka. Ein hadde såleis ikkje anledning til å velje inn dei representantane som ein trudde og meinte ville tale veljaren si sak, anten det var for eller imot.

Dette prosjektet har skapt meir diskusjon og strid i kommunen enn dei fleste andre saker og bør absolutt vere ein viktig del av valkampen. Sitjande kommunestyre har heilt sikkert reint formelt rett til å køyre gjennom prosjektet i sin periode. Blir dette gjort, vil ein ta frå veljarane makta demokratiet har meint å skulle gje dei, noko som vil likne på metodar ein brukar i lite demokratiske land vi ikkje likar å samanlikne oss med.

Om dette skjer, vil det vere lite til ære for sitjande kommunestyre. Det er kanskje ikkje akkurat det, dei ynskjer å verte hugsa for.

Eg oppmodar politikarane til å tenkje seg grundig om og hugse kven dei representerer: folket. Det er berre ei demokratisk løysing på dette, og det er å utsetje saka til etter valet. Eg trur ikkje prosjektet tek skade av å eventuelt verte vedteke nokre månader seinare.

Så får vi veljarane syte for at dette vert ein del av valkampen.

Stig Sandanger Riise