Ved utskifting i toppleiing i ei bedrift eller ein kommune kan det fort verte spekulasjonar rundt årsak og prosess. Forhandlingsutvalet i Hareid kommune ynskjer difor å kome med nokre oppklaringar. Før formannskapsmøtet 26.02.2024 var forhandlingsutvalet og kommunedirektøren samde om å inngå sluttavtale. Grunnlaget for dette er at Hareid kommune frå no og framover må ha hovudfokus på økonomisk kontroll og effektiv bruk av knappe resursar. Ragnhild Velsvik Berge har stått på og arbeidd hardt for Hareid kommune. Vi har difor ikkje mistillit til arbeidet ho har utført, men ulike fasar krev ulike leiarar. Formannskapet/kommunestyret vedtok samrøystes å inngå sluttavtale med kommunedirektøren i samsvar med forhandlingsutvalet si innstilling.

Eg vil på vegner av meg sjølv og dei andre politikarane i Hareid takke Ragnhild Velsvik Berge for arbeidet ho har lagt ned for Hareid kommune. Ho har stått på under hardt arbeidspress og trassa motgang, og det har ho gjort med eit glimt i auget.

Forhandlingsutvalet i Hareid kommune Bernt Brandal, Ordførar Oskar Grimstad, Varaordførar Annika Brandal, Kommunestyremedlem