Her i Ytre Søre er vi godt kjende med saka til Suel Kassembo som no sit i kyrkjeasyl i Herøy. Han har vore i landet i 19 år, og har heile tida fortalt sanninga om sin bakgrunn. No, etter at han har skaffa dokumentasjon på at han har snakka sant, vil asylmyndigheitene kaste han ut av landet. Suel Kassembo har fått brei støtte frå folket på Sunnmøre, som opplever det som uforståeleg og djupt urettferdig at eit medmenneske som har budd her så lenge, og som er heime her, ikkje skal få bli.

Men Suel Kassembo er ikkje åleine. I Sunnmørsposten kunne vi sist veke lese om Samuel Zigale som no sit på Trandum og fryktar retur til Etiopia. Han har vore i Noreg i 15 år, og har dei siste åra vore ein viktig ressurs for Frelsesarmeens gatefotball i Ålesund.

I slutten av januar fekk vi høyre om den gravide tobornsmora Rukhsana Husseini, som fekk vedtak frå UNE om at ho måtte reise frå mann og barn og forlate landet innan 6. februar. Ho og familien har vore her i 12 år, og borna hennar er fødde her. Etter utreise får ho òg innreiseforbod  i to år.

Desse tre sakene syner at dette ikkje berre handlar om urettferdig behandling av einskildpersonar, men om ein inhuman asylpolitikk som er ein av dei strengaste i Europa. Denne arven etter Solberg-regjeringa har ikkje den noverande regjeringa gjort noko for å endre, bortsett frå å fjerne retten til kyrkjeasyl.

Menneske som har budd i Noreg som lenge som desse tre, har sine sosiale nettverk her, familie, arbeid, dei har sine liv her. Dei har ikkje eit liv nokon annan stad.

Raudt krev difor amnesti for asylsøkjarar som har vore lenge i landet.

Gudmund Valderhaug

Raudt Ytre Søre