Turid Mette Dimmen

Ein burde sleppe leve med hat, vold og trusslar fordi ein er født som seg.

Vi kan ha ulike meiningar, politisk ståstad, livssyn med meir, som ein store og viktige delar av vårt demokrati. Og det skal det vere rom for. Desse er også nokre av mange ulike rettigheitar vi, gjennom århundrer, har kjempa til oss på vegne av felleskapet og enkeltmenneske som ein del av vårt samfunn.

Men vere født med ulike hudfarga, kjønn, nedsatt funksjonsevne eller «skeiv» er ikkje noke ein kan velge.

Og bo i Norge å bli drept eller fysisk såra grunna i det, er berre forferdelig og utruleg trist.

I dag har uskyldige i hovedstaden vår, igjen blitt råka. Ein gong hadde gjerningsmannen lys hud, ein gong mørkare kulør. Men hat framstår som drivkraft.

I år feira ein at det er femti år sidan det å vere født skeiv vart avkriminalisert i landet vårt. Tankegangen om å vere født kriminell er uforståeleg for oss, men det hindrar ikkje fleire av oss til å slenge om oss med ukvemsord og utdele skamfølelse.

For skeive er som hetrofile, vi kjem i ulike fargar, ulike kjønn og med ulike funksjonsevne. Ein må få elske den ein vil. Det handla om kjærleik. Og vi kan ikkje ha aksept eller toleranse for at mennesker ikkje skal fritt få velge kjærleik for eige liv! Utan skam.

So for deg som lurer på kvifor ein framleis markerar prideparade og Bygdepride - derfor!

Det burde heller ikkje vere til hinder i arbeidsmarkedet eller sosiale møteplassar at du har eitt fremmedarta namn eller hudfarge, for å kunne ha same muligheit. Men det er det.

Det burde heller ikkje vere eitt hinder i å delta i arbeidslivet eller sosial møteplassar at du har nedsatt funksjonsevne. Men det er det.

Det er, trist nok, den vanlege kvardagen for fleire av våre medmenneske.

So for deg som lurer på kvifor fagforeningar og enkeltmennesker framleis markerer og kjempar for like rettigheiter og lik rett til deltaking - derfor!

Hat, trusler, vold, skjellsord og utestengelse burde aldri ikkje vere ein del av dagen din fordi du er født som deg...

Ver stolt!

Å det få leve som den ein er med same rettigheiter som alle andre, burde vere ei sjølvfølge og ikkje ein debatt i landet vårt.

Ulikskap og mangfald er, og burde sjølvklart vere, ein berikelse. Og ikkje få delta på lik linje grunna i det, blir berre feil.

For når alt kjem til alt er vi frå fødsel alle små barn av regnbogen på vår felles jord.

So framleis er det minst ei parade å gå og ein kamp å ta - kampen i oss sjølv til å likebehandle det ulike. For «du skal ikkje tole so inderleg vel, den urett som ikkje rammer deg selv».

I mangel på flagg, slår eg i dag opp regnbogeparaplyen min, solskin til tross!

Turid Mette Dimmen