I samband med planar for utbygging av Mylnå, svarar kommunedirektør Verner Larsen i Vikebladet at kommunen ønskjer å prøve ut redusering frå 1,5 parkeringsplassar til 1 parkeringsplass pr. bueining. Han trur bildeling og meir bruk av sykkel skal redusere behovet for parkeringsplassar.

Eg trur ikkje vi kjem til å sjå nokon reduksjon av biltrafikken, heller tvert om. Det er heller ikkje satt inn tiltak for å få ned trafikken så vidt eg veit.

Eg går ut frå at om ein ynskjer å prøve ut noko, så er det for å få eit svar. Har Verner Larsen tenkt kva han skal gjere dersom svaret på testen/utprøvinga blir negativt?

Ei slik utprøving må sjølvsagt utførast der det allereie er ferdig utbygt med 1,5 parkeringsplassar pr. bueining. Då sperrar ein av 1/3 av plassane og ser korleis det går. Blir svaret negativt, opnar ein opp att dei plassane som er sperra.

Når dette skal testast ved utbygging av Mylnå, er ein "sjakk matt" dersom svaret på kommunedirektøren sin test blir negativt. Då er der ikkje plass til fleire P-plassar for å løyse problemet.

Eg synes difor at kommunedirektøren sitt argument er lite gjennomtenkt, og bør leggast bort.

Kommuneplanen sin arealdel er juridisk bindande, og skal brukast ved ved all planlegging og sakshandsaming av enkeltsaker innan planområdet.

Når ein vel å ikkje følgje den planen, noko Verner Larsen har vedgått, har ein berre to alternativ: Enten å endre planen, - noko som er politisk bestemt, og difor må avgjerast av politikarane, eller å gi dispensasjon frå planen. Det er eigne prosedyrar for å gi dispensasjon, og eg er overtydd om at administrasjonen er godt kjend med dette.

Det å ikkje følgje krava eller gi dispensasjon frå planen er etter mi vurdering noko ein ikkje har høve til.

Det er politikarane som har vedteke kommuneplanen og køyrereglane, og ein må forvente at dei blir følgde.

Etter mi meining bryt utbyggingsplanane for Mylnå arealdelen i kommuneplanen på fleire punkt.

Eg håper kommunedirektøren tek seg tid til å svare på desse synspunkta.

Peter Reite

Ulsteinvik

Noko du er engasjert i? Send inn dine lesarbrev til redaksjon@vikebladet.no