Det er laurdag og berre ein god veke att til valet. Eg står på stand for Venstre i bygdebyen vår. Sola skin og telta er oppe. Her står vi på rad og rekkje utanfor Blåhuset og tenkjer at det er no det gjeld, no skal vi overtyde nokre siste sjelar om at Venstrebodskapen er den einaste saleggjerande. Sameleis tenkjer dei vel i alle telta bortetter, anten det er Raudt, Høgre eller andre. Det er lite folk ute ein blank fin seinsumarlaurdag og dei som er her går stort sett i ein boge utanom teltleiren. Anten har dei allereie førehandsrøysta eller dei veit at kva dei skal røyste – eller dei vil ikkje røyste – ikkje i år heller. Dei vil i allefall ikkje uroast. Brått tenkjer eg, er valkamp eigentleg litt meiningslaust? Om vi ikkje har klart å syne fram kva vi står for gjennom fire år i faktisk politikk, så klarer vi ikkje å overbevise med ein liten smil, ein pamflett og eit «ha ein fin dag» heller. Så kvifor er eg her då? Kvifor står vi her alle saman? Har vi ikkje betre å ta oss til på ein fridag!?

Lokalpolitikarar er ein rar sort. Vi tar på oss uhorveleg mange timar med mykje arbeid, møter og papir. Godtgjersla er next to nothing, og ofte er det ikkje anna enn kjeft å få. Det må vêre ein flokk med sjølvplagarar dette.

Ein ven stoggar for ein prat og eg luftar frustrasjonen; «dette leiar til lite eller ingenting», seier eg. «Eg tykkjer det er vakkert», kjem det brått.

Kva då, spør eg? «Når ein veit kor røyte gale det er rundt om i verda, er det litt fint og trygt å sjå at her står de side om side i alle fargar og alle jobbar for det same folkestyret – vener er de og! Dessutan er de ein god påminning om at no er det snart val i vår krok av verda, i Ulsteinvik. No må folk gjer seg opp ei meining og delta».

Der fekk eg den! Brått slår det meg at denne fargerike felleskapen er viktig, ja nesten vakker. Og den sosialliberale politikken til Noregs eldste parti høyrer sjølvsagt med.

Eg vonar at veljarane har fått med seg det vi har stått for, ein god skule, eldreomsorg når du treng det, prioritering av klima, natur og miljø og lokalt. Nett no er det gjelda som tyngjer Ulstein kommune og noko av det viktigaste er noko so kjedeleg som økonomisk ansvar, god styring. Godt vedlikehald av alle dei flotte kommunale eigedomssatsingane siste åra er del av dette. Skal vi makte gode kommunale tenester, å ta godt vare på innbyggjarane, må vi no avgrense investeringane og betale ned gjelda. Vi ber difor om di tillit. Godt val.