Eg er ikkje fiskar. Har aldri vore det, og alderen tilseier at eg aldri kjem til å bli det heller. Derimot er eg farfar til ein ung gut på 20 år som har valt fiskaryrket som sin framtidige leveveg.

Saman med ein jamaldring kjøpe dei sin første båt då dei var 17 år gamle, og med denne båten dreiv dei ved sia av skulegangen, fjordfiske etter torsk og sei her på Møre.

I 2023 kjøpte dei sin 3. båt med personlege bankgarantiar og stor lånegjeld som dei skal forsvare. Dei fisker i open gruppe, og er heilt avhengig av forutsigbare torskekvotar for å få lønsam drift.

Investeringar

Det er store investeringar som må gjerast av ein ungdom som vil skaffe seg eigen båt og skape seg sin eigen arbeidsplass på sjøen. Krav til båt, vegn, utstyr og tryggingstiltak er store, og kvotene i open gruppe har blitt for små til å forsvare kostnadane som følgjer med å drive ein trygg og driftssikker båt, og samstundes kunne take seg ut ei normal løn. I tillegg har prisen på fiskekvotane som mange tidlegare delvis har fått kostnadsfritt av staten, gått til himmels.

Gjennom desse to gutane har eg erfart at dette yrket ikkje er av det lettaste å kome inn i. Berre regelverket er nok til å gi opp før dei har starta. I tillegg er det slitsamt med mykje hardt arbeid, 70-80 timar i veka er ikkje uvanleg; ofte i dårleg vær. Her gjeld nok ikkje arbeidsmiljølova heller. Dei må også seie farvel til ei normal ungdomstid og sitt nære sosiale nettverk, då dei må drive fiske og bu om bord i sjarken i Nord Noreg, store deler av året.

Lånefinansiering

Der er i dag etter det eg kjenner til, ingen gunstige lånetilbod til unge fiskarar som vil satse på fiskaryrket. Fiskarbanken er avvikla, og krav til eigenkapital gjer at dei lokale sparebankane kvir seg å låne ut pengar til ungdomar som kjem rett frå skulebenken og ikkje har hatt inntekt. Renta blir også deretter.

Heller ikkje Innovasjon Norge gir lån til kjøp av vanlege sjarkar. Då må det etter banken sine vedtekter og reglar, vere ein nyskapning, samstundes pøser dei og Enova ut millionar i lån og tilskot til nye havgåande «luksusfiskebåtar» berre dei har med i lånesøknaden investeringar i store batteripakker som skal gi mindre utslepp av CO2 saman med ordfraser som «berekraftig og miljøvennleg» og andre uforståelege tekniske løysingar som sakshandsamarane i bankane har liten eller ingen kompetanse til å forstå. Samstundes med dette, vert mange av dei gamle fiskebåtane selde til utlandet der dei kan forureine som før, som om vi ikkje skulle bu i same verda? Forstå det den som vil.

Sjarkane frå Sør og Vestlandet, som ikkje er registrerte i «matfatet», har også fleire døgns ferd til fiskefelta i Nord-Norge, med dertil store utgifter til drivstoff, og dei blir heller ikkje til gode sette med større torske- kvoter og løyve til å fiske kongekrabbe slik som dei som bur i deler av Troms og Finnmark vert. Slik bør det ikkje vere.

Fiskarar, før og no

I min ungdom var det ofte dei som av ulike årsaker ikkje hadde så lett for skulearbeidet, som vart fiskarar. Dyktige fiskarar vart ofte basar og seinare med litt skule, skipperar og reiarar. Det var slik fiskebåteventyret på Møre starta. Ein måtte også vere aktiv fiskar for å få tildelt konsesjon på 50/60-talet, og sjølv om reglane er dei same i dag, har dei etter kvart blitt temmeleg utvatna. Mange har derfor i lang tid teke til motmæle av denne praktiseringa, men til inga nytte. Dei vert ikkje høyrde. Ein ven av meg som utdanna seg til fiskar, sa det slik:

«På skulen må du setje deg på fremste pulten for å få med deg det læraren seier, men du må hugse på å vere ven med dei som sit på bakarste benk, for dei vil skaffe deg arbeid når du vert vaksen».

I dag er ikkje dette nok skal du bli fiskar. «Skal ein få plass på ein velrenommert fiskebåt i dag, der mannskapet tener mellom ein og to millionar i året, må du helst vere i slekt med reiaren, eller bli gift inn i slekta. Utan er det svært vanskeleg sjølv kor dyktig ein er» Ja, slik seiest det.

Fagbrev

Ein må ha fagbrev for å verte fiskar i dag, ei utdanning som tek 3 år. Opptakskrava på fiskarlinja til fleire vidaregåande skular gjer at studiet enkelte stader også har blitt lukka. Det er karakterane som tel. I tillegg til å vere navigasjonskyndig bør du også helst ha maskinerfaring, vere reparatør og gjerne kunne å koke. Det er ikkje nok med skule og gode karakterar. Eg er redd for at mange av desse teoretikarane aldri vil bli fiskarar, men etter kvart hamne på kontor i det offentlege byråkratiet, og verte arkitektane bak eit innvikla og komplisert regelverk som fiskarane etter kvart må ha juridisk hjelp til å forstå. Mange dyktige ungdomar som før fann sitt yrke på sjøen, vil no lett kunne hamne i NAV sine statistikkar over arbeidslause; samstundes som myndigheitene etterlyser rekruttering til fiskaryrket som kan gi arbeidsplassar på land og halde busetnaden langs kysten oppe.

Rekrutteringskvoteordninga

Ei av ordningane som myndigheitene under valkampen i haust var ivrige i å marknadsføre, og som har fått mykje merksemd i media, er tildeling av rekrutteringskvoter der ungdomar som oppfyller visse krav, kan søke på. Totalt skal det for 2024 utdelast 6 kvoter til ungdomar frå heile landet, 3 for menn og 3 for kvinner. Ei av kvotene er visst øyremerkt den samiske befolkninga `og. Dette talet dekker på ingen måte behovet som er blant unge fiskarar, og vilkåra for å søkje er krevjande og mange:

Ein må ha fagbrev som fiskar, 3 års utdaning. Vere under 30 år for menn (kvinner 45 år) Ein må ha fiska for over 250 tusen i eit av dei tre siste åra frå eigen båt eller båtselskap, der søkjaren eig over 50% av aksjane.

Når ein så veit at ved siste tildeling i 2023, var det 49 godkjente mannlege og 5 kvinnelege søkjarar som tilfredsstilte krava, og at det i komande år truleg vert fleire, blir det å få tilgang på ei slik kvote for unge mannlege fiskarar, som å vinne i lotto. Ein kan verken planlegge framtida si eller investere i påvente av ei slik framtidig loddtrekning.

Den nye kvotemeldinga

Ap og SP varsla i Hurdalsplattforma, at dei ville utarbeide ei ny kvotemelding for fiskeria som skulle gi forutsigbare fangst-kvoter for kyst fiskeria, og skape arbeidsplassar på land som skulle vere med å oppretthalde busetnaden i distrikta. Eit viktig punkt var også at den skulle rekruttere fleire unge til fiskeriyrket. Slik utkastet er utforma i dag, vil det ikkje freiste til stor rekruttering.

Det er no gått over to år sia denne kunngjeringa. Enno er ikkje kvotemeldinga ferdig handsama til tross av fleire fiskeriministrar, og sjølv om utkastet no endeleg er kunngjort, vil det ta lang tid å få det ferdig vedteke i Stortinget.

Eg har studert kvotemeldinga nøye, men kan ikkje finne eit einaste punkt i meldinga som tilgodeser unge fiskarar som vil etablere seg med eigen båt og fiske i open gruppe.

Kven kan planlegge framtida si som sjølvstendig ungdoms- fiskar i open gruppe, når ein ikkje veit kva grunnlag ein har å fiske på eit år fram i tid? Samstundes registrerer eg at sjarkfiskarane som fisker i open gruppe for 2024 har fått kutta torske-kvotene sine med omlag 50%, i ei tid då omkostningane til drift, olje og renter har vore stigande. Det er berre eit fåtal av fiskarane i open gruppe som fylgde råda frå Hurdalsplattformen og investert i nye og trygge båtar, som har økonomi til å tole ein slik reduksjon i fangstinntektene sine. I ein slik situasjon er det lett å samanlikne dei to hovudnæringane:

Jordbruksnæringa med Fiskerinæringa.

Medan den første gruppa har sugerøyr ned i statskassa, og får stønad til nesten til alt dei ber om,

Er det for mykje regn, får dei tilskot Er det tørrår, får dei tilskot. Er straumprisane høge, får dei tilskot Dei har også ordningar med landbruksvikarar. I tillegg har dei eit stort antal av andre permanente stønadsordningar.

Hjå sjarkfiskarane har eg ikkje funne ei einaste stønadsordning som kan vere til hjelp for denne gruppa som neste år får kvotene sine reduserte til det halve. Heller ikkje har eg sett forslag til andre nye ordningar som kan oppveie inntektstapet og lette kvardagen.

Desse to næringane skulle etter mitt syn vere likeverdige og likestilte.

Når sjarkfiskarane på veg til Lofoten på «sparefart», for å halde oljeutgiftene nede, møter dei supermoderne havgåande luksus- fiskebåtane som i mange år har hatt rekordoverskot, på full speed, med frakttilskot frå staten, på veg til Danmark for å levere fangsten sin, som dei etter avtale då dei fekk tildelt kvoter, skulle levere i Norge, er det lett for ein sjarkfiskar å bli litt motlaus. Dette har dei stilt oversett i Hurdalsplattforma.

Sluttkommentarar

Fiskeriåret 2023 er no over, og etter omtale i media har det vore eit svært godt år for dei fleste, og året i år har også starta godt. Store fangstar har blitt fiska, til høge prisar og gode kursar, og staten har og vil sopa inn milliardar i skatteinntekter frå reiarlag og fiskarar. Gjennom året har dei som regulerer fiskekvotane og dei som har laga utkastet til kvotemeldinga, endra på berekningsgrunnlaget grunna overfiske slik at dei vert tvinga til å redusere kvantumet i alle grupper, men mest til dei som fiskar i open gruppe. I tillegg skal ungdomstillegget på 4 t i torske-kvota, reduserast til 3 t. Dette vil direkte gå ut over unge fiskarar i oppstartingsfasen som fiskar i denne gruppa.

Men det er få som taler denne gruppa si sak.

Derimot er det ikkje måte på korleis den havgåande fiskefloten, som får redusert kvotane sine med 2% syt og klager. Reine Sytekoret har det blitt. Ein skulle tru at heile floten låg nede for teljing. Regneskapa for 2022 som eg har hatt tilgang til, viser i alle fall ikkje det. Tenk at fiskarane får nettolønene sine redusert med ca. 25 tusen når dei bevist tenar mellom 1-og 1,5 mil. i året? Og i denne krisemaksimeringa har dei fått med seg fleire store reiarar, fagforeiningar, tillitsvalde, bankar ordførarar og fylkespartiet i KRF. Ja til og med lokalavisa fører deira fane. I tillegg driv dei intens lobbyverksemd til dei andre politiske parti  som ikkje står bak Hurdalsplattforma, for å sleppe å gi frå seg ein liten «brøkdel» av kvotegrunnlaget sitt som mange delvis har lånt, og som dei heile tida har visst skulle gå attende til fellesskapet. Det høyrer vi lite til no. Dei har også gløymt at dei i starten på si fiskerikarriere var i same båt som dei unge sjarkfiskarane som fiskar i open gruppe er i no. Skilnaden er berre at då fekk dei fiske fritt utan kvote, det får dei ikkje i dag. Det er denne gruppa vi gjennom kvotemeldinga bør hjelpe.

Lat derfor ressursane i open gruppe omfordelast slik dei går til unge fiskarar som driv heilårsfiske; ikkje til ukontrollert turistfiske og hobbyfiskarar som har sitt fulltidsyrke på store havgåande båtar og nyttar fritørnane sine til å fiske i open gruppe. Dei treng det ikkje.

Egil Utgård