Det har i det siste vore mykje fokus på fylkeskommunen sine økonomisk utfordringar.

At Møre og Romsdal fylkeskommune har utfordingar med den store gjelda, og dei store investeringane som er gjort dei siste åra, burde ikkje kome som noko overrasking. Det ser likevel ut til å kome overraskande på politikarane. Ein kan ikkje seie at det ikkje har vore mange åtvaringar.

Ingen vil ta heilt tak i «elefanten i rommet». Den viktigaste årsaka til den vanskeleg økonomiske situasjonen, er rente og avdrag som kjem av store betydeleg lånefinansierte investeringar som t.d. Nordøyvegen, men også andre tunge investeringar. Renta kjem dessutan til å ligge på eit høgt nivå også i åra som kjem. Høgare enn det mange både kommune og fylkespolitikara er klar over.

I tillegg til fylkeskommunen slit fleire kommunar i Møre og Romsdal med dei same økonomiske utfordringane. For høg gjeld med påfølgjande store avdrag og renteutgifter. Ein noko uvanleg rentekompensasjon som fylkeskommunen får i frå staten i 2024 og 2025 kan ein ikkje vente å få i åra som kjem.

Forslaget er å redusere driftsnivået for 2024 med 90 mill. kr, og i arbeidet med innsparingstiltaka har fylkespolitikarane sagt at dei vil prøve i mest mogleg grad å skåne tenesteproduksjonen. Det er fornuftig å unngå store kutt her, men truleg vil tenestenivået også måtte reduserast. Det må nok også kuttast i stillingar i fylkesadministrasjonen. Og driftsnivået kan ikkje aukast vesentleg ut over prisauken i åra som kjem.

Den svært høge lånegjelda med ein gjeldsgrad på 118%, i kombinasjon med auka rente, har ført til at fylkeskommunen må betale 285 mill. kroner meir i renter og avdrag i 2024 enn i 2022. Dette er hovudforklaringa på det økonomiske uføre ein har kome opp i. I tillegg viser nye prognoser ein sprekk på 60 millionar i 2024 innanfor samferdsel.

Ein kan snakke mykje om «ulike særinteresser» som ferjeruter, ferjetakstar, elektrifisering og overforbruk på skulane, og rope på meir overføringar i frå staten, men den store auken i gjelda ein har fått er hovudårsaka til det økonomiske uføret. Då blir ein planlagt reduksjon i driftsnivået på 90 mill. kr relativ lite, dersom ein ser det i samanheng med den store auken i rente og avdragsbelastninga dei neste åra. Det ser ein tydeleg om ein studerer tabellen i frå fylkesdirektøren som viser utviklinga i renter og avdrag dei komande åra: (Sjå tabell)

Samtidig ser ein at fylket har «norgesrekord» i investeringar i aksjeselskap, og taper pengar på nesten alle. Som sunnmørsposten har skrive, så har fylkeskommunen i følgje konsulentselskapet Deloitte skote inn 204 millionar i 12 selskap. Det ser ut til at 150 millionar av desse pengane er tapt. Og kvifor skal fylket ta stor risiko med «strø om seg « med pengar til ulike aksjeselskap ? Den risikoen bør først og fremst privat kapital ta.

Dei to største områda til fylkeskommunen i kroner er samferdselsområdet og kompetanse- og næringsområdet. Samferdsel vil slik økonomiplanen frå fylkesdirektøren få ein auka i utgiftene i åra som kjem, medan ein på kompetanse(utdanning) og næringsområde foreslår å kutte. Det er innanfor desse områda dei store innsparingane må takast. Når ein veit at det er eit stort etterslepet på vedlikehald bør ein ikkje gløyme at investeringar innafor samferdsel i åra framover også vil krevje store utgifter til vedlikehald. Det mest fornuftige ein kan gjere no er å ha utsetje nokre planlagde investeringar og ha ei tilnærma  investeringspause dei nærmaste åra. Ein må i større grad bruke pengar på heilt nødvendig vedlikehald.

Skal økonomien til fylkeskommunen vere berekraftig over tid så må driftsnivået ned. Det betyr også kutt i administrasjon og tenestenivå anten ein likar det eller ikkje.

Vi trenger i den perioden vi står ovanfor no politikarar som kan nei til ting som «kan vere kjekt å vere med på». Fokuset må ikkje vere på prosjekt som fører til store valløfter, positiv kortsiktig publisitet og «snorklipping». Spesielt gjeld det lånefinansierte samferdselsprosjekt med usikker samfunnsøkonomisk avkastning og i å delta med eigarskap i usikre regionale utviklingsprosjekt.

Vi treng politikarar som har mot til å gjere tøffe og nødvendige prioriteringar og evne til å seie nei.

Einar Magne Skeide

Ulsteinvik