Språk er viktig, blir det sagt. Og det er sjeldan å høyre nokon protestere. Likevel syner praksis at semja likevel ikkje er så eintydig. Er ikkje mange ting viktigare? Er språk i det heile noko styresmakter på ulike nivå treng bry seg om? Kan ikkje dette overlatast til den einskilde medarbeidar?

Vi meiner absolutt at språk er viktig. Det er også grunnen til at vi no vender oss til kommunane på Sunnmøre. For vi meiner språk er så viktig at kommunen må ha klare meiningar om, ansvar for og styring med det. Granskingar syner at ein skremmande stor del av publikum, somme stader er det nemnt tal opp mot ein tredel, har vanskar med å skjøne offentleg kommunikasjon. Dette er, som mellom andre kommunane sin eigen organisasjon KS har peika på, eit demokratisk problem. Det syner også tydeleg det vi starta med: Språk er viktig.

Den nye språklova frå 2022 slår fast i paragraf ein at føremålet mellom anna er «å sikre at offentlege organ tek ansvar for å bruke, utvikle og styrkje bokmål og nynorsk» – dei to språka som i lova blir nemnde som likestilte. Språk er altså, slege fast i lovs form, eit offentleg – og dermed også kommunalt – ansvar. Kommunane er også direkte pålagde å gi språkopplæring gjennom drift av skular, barnehagar og vaksenopplæring.

Språk vert nytta på mange måtar og med ulike funksjonar. Skal ein få dette samanfatta, systematisert og konkretisert på ein god måte, må det gjennomdrøftast og arbeidast inn i ein eigen plan - ein språkbruksplan. Mange kommunar har ein slik. Dei oppmodar vi til å ta han fram, evaluere både planen og bruken, og sjå til at han er i pakt med tida og dei utfordringane kommunen står overfor. Dei som av ulike årsaker ikkje har ein slik plan, oppmodar vi til å starte arbeidet med å lage ein.

Nynorsk er vedteke bruksmål i alle kommunane på Sunnmøre – frå nyttår med Ålesund som unnatak. God nynorsk språkføring er eit godt verktøy til å uttrykke seg klart og eintydig, anten det gjeld informasjon eller saksutgreiing. Det er viktig at det blir stilt krav til dei som skal nytte språket. Men krav må følgjast opp med klare retningsliner, opplæring og rettleiing.

Gjennom godt språk, brukt på dei mange ulike saksområda i ein kommune, oppfyller også kommunen språklova sitt krav om å bruke, utvikle og styrkje språket. Eit språk er ikkje laga ein gong for alle. Det er ein levande organisme som blir betre gjennom aktiv bruk i ulike situasjonar og på alle fagområde. Vi vil ha eit godt språk, eit språk som byggjer identitet og som dekkjer både kommunen sine behov, innbyggjarane sine rettar og språklova sine krav.

Det finst god og rimeleg hjelp å finne både for å arbeide ut ein språkplan eller til å gjennomføre kurs for tilsette. Landssamanslutninga av nynorsk-kommunar (LNK) er ein naturleg partnar å vende seg til.

Dette innlegget er også formidla i brev direkte til kommunen.

Sunnmøre Mållag

Ingebjørg Røyrhus Øyehaug

Leiar