Ulstein kommune er geografisk ein liten og fortetta kommune. Vi har eit sterkt og aktivt regionsenter med livskraftige bygder i kring. Det tek omlag eit kvarter med bil frå bygd til by, eller frå by til bygd. Grunnsteinen i bygdene er landbruket, og grunnsteinen i landbruket er matjorda. Utan matjord ingen mat, og utan matjord ingen bønder.

Offisiell norsk politikk seier at vi skal auke sjølforsyninga og beredskapen i landet. Då treng vi kvar ein bonde som framleis er bonde, og vi treng fleire bønder. Då treng vi kvar kvadratmeter med matjord som vi har. Kravet til vern av matjord må styrkast. Ulstein SV vil kjempe for kvar neve med matjord i Ulstein kommune i dei neste fire åra!

SV er garantist for at regjeringa si offensive satsing på landbruket gjennom Hurdalsplattforma vert følgt opp og gjennomført.

Eg veit at eit prosjekt med skulehage har starta opp i kommunen vår. Dette er eit vinn-vinn prosjekt. Med skulehagar tek ein i bruk matjorda vår til å produsere god, sunn og lokal mat. Med skulehagar får borna lære å dyrke mat sjølv. Dei får vere ute i praktisk læring, og dei får lære kva samhandling og jordbruk er.

Ulstein SV vil aktivt støtte opp om skulehageprosjekt i kommunen vår, med målsetting om at kvar barnehage og kvar barneskule skal ha sin eigen skulehage!